Kongekondor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kongekondor
Kongekondorhann
Kongekondorhann
Kongekondorhoe
Kongekondorhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Kongekondor
Utbreiinga av Kongekondor
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Kondorar Cathartidae
Slekt: Sarcoramphus
Art: Kongekondor S. papa
Vitskapleg namn
Sarcoramphus papa

Kongekondor (Sarcoramphus papa) er ein stor rovfugl som lever i Mellom- og Sør-Amerika. Han er ein mellomstor medlem av kondorfamilien Cathartidae. Denne kondoren lever hovudsakleg i tropiske låglandsskogar som strekker seg frå det sørlege Mexico til det nordlege Argentina. Han er den einaste nolevande medlemmen av slekta Sarcoramphus, men andre fossile medlemmer er kjende.

Han er ein stor og stort sett kvit fugl, med grå til svart halskrans og halefjører. Vengfjørene er òg svarte i kontrast til dekkfjørene som er kvite både på under og oversida. Hovudet og nakken er skalla, med varierande hudfarge, inkludert gul, oransje, blå, lilla og raud. Kongekondoren har ein veldig merkbar oransje kjøttfull karunkel på nebbet. Han er ein åtseletar og gjer ofte det første snittet i eit ferskt kadaver. Han trenger òg bort mindre kondorartar frå eit kadaver. I eit kjend tilfelle levde ein kongekondor 30 år i fangenskap. Kongekondorar var populære skapningar i mayakodeksar så vel som i lokal folklore og medisin. Sjølv om arten for tida er oppført som livskraftig av IUCN, blir populasjonen reduserte, hovudsakleg på grunn av tap av habitat.

Etymologi, taksonomi og systematikk[endre | endre wikiteksten]

Kongekondoren vart opphavleg skildra av Linné i 1758 i den tiande utgåva av Systema Naturae som Vultur papa,[1] typeeksemplaret vart samla inn i Surinam.[2] Det generiske namnet er ei nylatinsk samansetting danna av dei greske orda σάρξ (sarx, «kjøtt», med kombinasjonsforma σαρκο-) og ῥάμφος (rhamphos, «kroka rovfuglnebb»).[3] Artsnamnet er avleidd frå det latinske ordet papa «biskop», det viser til fuglen sin fjørdrakt som i farger minnar om ein bispedrakt.[4] Den næraste nolevande slektningen til kongekondoren er andeskondoren, Vultur gryphus.[5]

Det er to ulike forklaringsmodellar for korleis kongekondoren fekk «konge»-delen av artsnamnet sitt. Den første er at namnet er ein referanse til eigenskapen som trenge bort mindre kondorartar frå eit kadaver og ete seg mett medan dei mindre ventar.[6] Ein alternativ teori rapporterer at namnet er avleidd frå mayalegender, der fuglen var ein konge som tente som ein bodbringar mellom menneske og gudane.[7] Han vart kalla cozcacuauhtli i nahuatl, avleidd frå cozcatl «krage» og cuauhtli «rovfugl».[8]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vaksen kongekondor sveveflyg i Brasil
Foto: Renato Augusto Martins
Foto: Olaf Oliviero Riemer

Kongekondoren er den tredje største av kondorane etter andeskondor og kaliforniakondor. Den totale kroppslengda varierer frå 71 til 81 cm og vengespennet er frå 1,7 til 2 meter. Vekta varierer frå 3,1 til 3,7 kg.[2][9] Ein imponerande fugl, den vaksne kongekondoren, som har stort sett kvit fjørdrakt, med eit svakt brungult skjer. I sterk kontrast er vengdekkfjørene, svingfjørene og halen mørkegrå til svart, og det same er den framtredande tjukke halsen. Hovudet og halsen er blotta for fjører, hudfargene er raude og lilla på hovudet, sterkt oransje på halsen og gult på halsen. På hovudet er huda rynka og folda, og det er ein svært merkbar uregelmessig gyllen kam festa på ceren over det oransje og svarte nebbet;[2] denne karunkelen er ikkje vaksen ferdig ut før det fjerde året til fuglen.[10]

Sett i høve til kongekondoren sin storleik, har han den største hjernekassen, og det sterkaste nebbet av kondorane.[11] Dette nebbet har ein kroka tupp og ein skarp skjerekant.[4] Fuglen har breie venger og ein kort, brei og firkanta hale.[12] Irisane i auga er kvite og omkrinsa av knallraud sclera, senehinne.[2] I motsetnad til nokre av dei andre kondorartane, manglar kongekondoren augevippar.[13] Han har òg grå bein og lange, tjukke klør.[12]

Kongekondoren er minimalt kjønnsdimorf i storleik, hannar litt større enn hoer, fjørdrakta er lik.[2] Juvenile fuglar, før ei langvarig første myting tar til, er gjennomgåande skifergrå med mørkt nebb og mørke auge. Innan det tredje året liknar dei vaksne fuglar, men fjørdrakta blir ikkje heilt som vaksne sine før dei er rundt fem eller seks år gamle.[12]

Hovudet og halsen til kondoren er fjørlause som ein tilpassing for hygiene, sjølv om det er svart bust på delar av hovudet; denne mangelen på fjør hindrar bakteriar frå åtslet han et frå i å øydelegge fjørene, og det utset huda for ei steriliserande effekt frå sola.[4]

Mørke ungfuglar kan forvekslast med kalkunkondorar, men svevar med flate venger. I høg sveveflukt kan dei bleike fjørkledde vaksne bli forveksla med amerikastork, Mycteria americana,[14] sjølv om den lange halsen og dei lange beina til storken gjer det enkelt å kjenne han langvegesfrå.[15]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Kongekondor i Eco Lodge, Madidi National Park, Bolivia
Foto: Rodrigo Mariaca

Kongekondoren lever spreidd over eit enormt vidt areal mellom det sørlege Mexico og det nordlege Argentina. I Sør-Amerika lever han ikkje vest for Andesfjella, bortsett frå i vestlege Ecuador, nordvestlige Colombia og langt nordvest i Venezuela.[16] Han lever primært i urørte tropiske låglandsskogar og dessutan på savannar og grassletter om det er nær skog. Han kan ofte sjåast i nærleiken av sumpar eller myrlendte stader innanfor skogar. Kongekondoren er ofte den mest talrike eller einaste kondoren som finst i primære låglandsskogar i utbreiingsområdet sitt, men i tett regnskog i Amazonas er han typisk i undertal av den større skogkondoren. I meir opne habitat vil myrkondorar, kalkunkondorar og svartkondorar vere meir talrike.[treng kjelde] Kongekondorar lever generelt ikkje over 1500 moh., sjølv om dei finst på stader i 2500 m høgde aust for og mot Andes, dei har berre sjeldan vorte registrert opp mot 3300 moh. Dei lever i det framveksande skognivået, eller over trekronene.[2]

Økologi og åtferd[endre | endre wikiteksten]

Kongekondoren svevar uanstrengt i timevis, og slår berre sjeldan med vengene.[15][17] Medan han svevar i flukt, blir vengene haldne flate med lett heva spissar, og på avstand kan kondoren sjå ut til å vere utan hovud medan han flyg.[18] Vengeslaga er djupe og sterke.[12] Trass i storleiken og fargepryden, er denne kondoren ganske lite iaugefallande om han sit i eit tre synleg frå bakken. Men dei kviler ofte høgt i tette trekroner, slik at dei ikkje kan observerast.

Han er ein standfugl, i motsetnad til kalkunkondor, myrkondor og svartkondoren, lever dei vanlegvis parvis eller i små familiegrupper. Ei gruppe på så mykje som 12 fuglar har blitt observerte ved eit tjern i Belize der dei bada og drakk.[19] Når dei svevar høgt for å søke føde, held dei avstand. Ein eller to fuglar dukkar vanlegvis ned for å beite på eit kadaver, men nokre gongar kan opptil ti eller så samle seg viss det er monalege mengder føde.[2] Kongekondorar har levd til ein alder av rundt 30 år i fangenskap. Levetida deira i naturen er ukjend.[7] Denne kondoren brukar urohidrosis, væske med avføring på beina, for å senke kroppstemperaturen. Trass i det kvasse nebbet store kroppsmasse, er han relativt lite aggressiv ved eit kadaver. Kongekondoren manglar stemmeorganet for fuglar, syrinx, men han kan lage låge kvekkelydar og kvesande lydar i ritual før paring, og klappelydar med nebbet når han er trua.[2] Dei einaste naturlege predatorane er slangar, som vil ete egga og åtake ungane til kondoren, og store kattedyr som jaguarar, som kan overraske og drepe ein vaksen kondor ved eit kadaver.[20]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Eit individ i London Zoo
Foto: Jon Hanson

Ein har samla kunnskap om forplantingsåtferd ved å observere kongekondorar i fangenskap, men åtferda for ville fuglar i naturen er dårleg kjend. Ein vaksen hannfugl er kjønnsmoden når han er omtrent fire eller fem år gammal, hoer mognast litt tidlegare enn hannane.[21] Fuglane hekkar hovudsakleg i den tørre årstida.[20] Ein kongekondor finn partnar for livet og legg berre eitt enkelt, uflekka kvitt egg i kullet.[12] Reirplassar som er skildra er lågt i ein ròten trestubbe, på bakken mot eit tre, høgt i hòler i massive trestammer, eller sprekker i fjellklipper.[2] Begge foreldra rugar egget i ca. 52 til 58 dagar før det blir klekt. Viss egget går tapt, vil det ofte bli erstatta etter cirka seks veker. Foreldra deler ruge- og rugeoppgåver til ungen er omtrent ei veke gammal, deretter står dei ofte på vakt heller enn ruge. Ungane er semi-altrisielle - dei er hjelpelause når dei fødast, men er dekt av dunete fjører, verkeleg altrisielle fuglar fødast nakne. Auga deira er opne ved fødselen. Ungane utviklar seg raskt, og er fullt vakne på den andre dagen, og i stand til å tigge og vri seg rundt på reirplassen, pusse seg og hakke på den tredje dagen. Ei andre dundrakt tar til å vekse ut på dag 10, og dei står oppreist på dag 20. Frå ein til tre månaders alder går ungane rundt og utforskar nærområdet til reiret, og tar dei første flygeturane sine etter omtrent tre månader.[22]

Føde[endre | endre wikiteksten]

Kongekondoren et alt frå storfekadaver til strandfisk og døydde øgler. Han er hovudsakleg ein åtseletar, det er isolerte rapportar om at han har drepe og ete skadde dyr, nyfødde kalvar og små øgler. Sjølv om han lokaliserer mat etter syn, har rolla lukta har i korleis den spesifikt finn åtsel, vorte diskutert. Majoriteten av undersøkingar viser at kongekondoren ikkje oppdagar kadaver etter luktesans, og i staden følgjer etter andre kondorartar som har luktesans, som viser veg til eit kadaver.[2] Ein studie frå 1991 synte at kongekondoren kunne finne åtsel i skogen utan hjelp frå andre kondorar, noko som tyder på at han kan lokalisere føde ved å bruke luktesans.[23] Kongekondoren et først og fremst åtsel funne i skogen, sjølv om han er kjend for å dra ut på nærliggande savannar på jakt etter mat. Når han har landa ved eit kadaver, fortrenger kongekondoren dei andre kondorane på grunn av storleiken sin og det sterke nebbet.[2] Men når han er på same åtsel som den større andeskondoren, ventar kongekondoren til andeskondoren er ferdig. Ved å bruke nebbet til å rive, gjer ho det første kuttet i ein ferskt dyreskrott. Dette gir dei mindre kondorane med svakare nebb, som ikkje kan opne skinnet til eit kadaver, tilgang til kadaveret etter at kongekondoren har ete seg ferdig.[2] Tunga til kondoren er raspliknande, noko som gjer at han kan trekke kjøtt av knoklar.[treng kjelde] Vanlegvis et han berre av huda og hardare delar av vevet i kadaveret.[20] Kongekondoren har òg vorte registrert som et nedfallsfrukt av morichepalmen når det er lite åtsel i delstaten Bolívar, Venezuela.[24]

Vern[endre | endre wikiteksten]

IUCN kar klassifisert kongekondoren som livskraftig. Den globale bestanden er estimert til å ligge mellom 670 og 6700 modne individ med ein minkande trend.[16] Ein trur øydelegging av habitat og krypskyting er hovudårsakene til nedgang i populasjonen. Vanen som kongekondoren har med å kvile i høge tre og sveveflyge høgt, gjer det vanskeleg å overvake arten.[2]

Relasjonar til menneske[endre | endre wikiteksten]

Kongekondoren er ein av dei vanlegaste fugleartane representert i mayakodeksane. Glyphen er lett å skilje med karunkelen på nebbet til fuglen og ved dei konsentriske sirklane som utgjer auga til fuglen. Nokre gongar blir fuglen framstilt som ein gud med ein menneskekropp og eit fuglehovud.[25] I følgje mayamytologien bar denne guden ofte bodskap mellom menneske og dei andre gudane.[20] Det kan òg brukast til å representere Cozcacuauhtli, den trettande dagen i månaden i den aztekiske kalenderen (13 Reed). Flekkalkun (Meleagris ocellata) vart òg sett på som fuglen som er avbilda, men kroka nebb og vengen ymtar om rovfuglen.[8]

Både blod og fjør frå kongekondorar har blitt brukte til å kurere sjukdommar.[treng kjelde] Kongekondoren er òg eit populært motiv på frimerka til landa innanfor utbreiingsområdet.

På grunn av storleiken og venleiken er kongekondoren ein attraksjon i dyreparkar rundt om i verda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Linné, C (1758). Systema naturae per regna tria naturae, secundum classes, ordines, genera, species, cum characteribus, differentiis, synonymis, locis. Tomus I. Editio decima, reformata. (på latin). Holmiae. (Laurentii Salvii). s. 86. V. naribus carunculatis, vertice colloque denudate 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 Holste, M., J. M. Ruth, and J. C. Eitniear (2020). King Vulture (Sarcoramphus papa), version 1.0. In Birds of the World (T. S. Schulenberg, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.kinvul1.01
  3. Liddell, Henry George; Robert Scott (1980). Greek-English Lexicon, Abridged Edition. Oxford: Oxford University Press. ISBN 0-19-910207-4. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Likoff, Laurie (2007). «King Vulture». The Encyclopedia of Birds. Infobase Publishing. s. 557–60. ISBN 978-0-8160-5904-1. 
  5. Amadon, Dean (1977). «Notes on the Taxonomy of Vultures» (PDF). The Condor (The Condor, Vol. 79, No. 4) 79 (4): 413–16. JSTOR 1367720. doi:10.2307/1367720. Henta 13 March 2009. 
  6. Wood, John George (1862). The illustrated natural history. London: Routledge, Warne and Routledge. s. 15–17. 
  7. 7,0 7,1 «King Vulture». National Geographic. Henta 11 September 2007. 
  8. 8,0 8,1 Diehl, Richard A.; Berlo, Janet Catherine (1989). Mesoamerica after the decline of Teotihuacan, A.D. 700–900, Parts 700–900. s. 36–37. ISBN 0-88402-175-0. 
  9. Ferguson-Lees, James; Christie, David A (2001). Raptors of the World. Houghton Mifflin Company. s. 88, 315–16. ISBN 978-0-618-12762-7. 
  10. Gurney, John Henry (1864). A descriptive catalogue of the raptorial birds in the Norfolk and Norwich museum. Oxford University. Henta 15. november 2021. 
  11. Fisher, Harvey L. (1944). «The skulls of the Cathartid vultures» (PDF). The Condor 46 (6): 272–296. JSTOR 1364013. doi:10.2307/1364013. 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 Howell, Steve N.G.; Webb, Sophie (1995). A Guide to the Birds of Mexico and Northern Central America. New York: Oxford University Press. s. 176. ISBN 0-19-854012-4. 
  13. Fisher, Harvey I. (March 1943). «The Pterylosis of the King Vulture» (PDF). Condor (The Condor, Vol. 45, No. 2) 45 (2): 69–73. JSTOR 1364380. doi:10.2307/1364380. Henta 15. november 2021 March 2009. 
  14. Hilty, Stephen L.; Brown, William L.; Brown, Bill (1986). A guide to the birds of Colombia. Princeton, NJ: Princeton University Press. s. 88. ISBN 0-691-08372-X. 
  15. 15,0 15,1 Henderson, Carrol L.; Adams, Steve; Skutch, Alexander F. (2010). Birds of Costa Rica: A Field Guide. University of Texas Press. s. 66. ISBN 978-0-292-71965-1. 
  16. 16,0 16,1 BirdLife International (2021) Species factsheet: Sarcoramphus papa. Henta 15. november 2021
  17. Schulenberg, Thomas S. (2007). Birds of Peru. Princeton, NJ: Princeton University Press. s. 84. ISBN 978-0-691-13023-1. 
  18. Ridgely, Robert S.; Gwynne, John A. Jr. (1989). A Guide to the Birds of Panama with Costa Rica, Nicaragua, and Honduras (Second utg.). Princeton, NJ: Princeton University Press. s. 84. ISBN 0-691-02512-6. 
  19. Baker, Aaron J.; Whitacre, David F.; Aguirre, Oscar (1996). «Observations of king vultures (Sarcoramphus papa) drinking and bathing». Journal of Raptor Research 30 (4): 246–47. 
  20. 20,0 20,1 20,2 20,3 Ormiston, D. «Sarcoramphus papa». Animal Diversity Web. Henta 15. november 2021. 
  21. Grady, Wayne (1997). Vulture: Nature's Ghastly Gourmet. San Francisco: Sierra Club Books. s. 47. ISBN 0-87156-982-5. 
  22. Schlee, Marsha A. (1994). «Reproductive Biology in King Vultures at the Paris Menagerie». International Zoo Yearbook 33 (1): 159–75. doi:10.1111/j.1748-1090.1994.tb03570.x. 
  23. Lemon, William C (December 1991). «Foraging behavior of a guild of Neotropical vultures» (PDF). Wilson Bulletin 103 (4): 698–702. Henta 15. november 2021. 
  24. Schlee, Marsha (2005). «King vultures (Sarcoramphus papa) forage in moriche and cucurit palm stands» (PDF). Journal of Raptor Research 39 (4): 458–61. Henta 15. november 2021. 
  25. Tozzer, Alfred Marston; Glover Morrill Allen (1910). Animal Figures in the Maya Codices. Harvard University. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Sarcoramphus papa
Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kongekondor