Kongekrabbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kongekrabbe
Kongekrabbe
Kongekrabbe
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Storkreps Malacostraca
Orden: Tifotkreps Decapoda
Familie: Trollkrabbar Lithodidae
Slekt: Paralithodes
Art: Kongekrabbe P. camtschaticus
Vitskapleg namn
Paralithodes camtschaticus

Kongekrabbar (Paralithodes camtschaticus) eller kamtsjatkakrabbe er eit stort krepsdyr i trollkrabbefamilien. Han finst naturleg i kyststrok nord i Stillehavet, men vart på 1960-talet innført i Murmanskfjorden som ein fiskeriressurs. Sidan har han spreidd seg stadig vestover, og er i dag vanleg langs kysten av Nord-Noreg. Arten vert rekna som særs skadeleg på økosystema, og er svartelista av Artsdatabanken sin Norsk svarteliste 2007.

Kongekrabbe halden av ei kvinne.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kongekrabben er den største etandes krabben i verda. Han kan bli 28 cm brei over skalet med 1,8 m spenn mellom beina, og når ei vekt på opp til 10 kg. På grunn av storleiken kan han ikkje forvekslast med nokon artar som høyrer heime naturleg i norsk fauna, bortsett frå at heilt unge individ kan likna trollkrabbe (Lithodes maja). Skilnaden på desse to artane er at trollkrabben har todelt pannehorn og kraftigare piggar rundt ryggskjoldet (carapax).

Arten har elles særs lange klør og bein; bortsett frå det bakste beinparet som er gøymd under ryggskjoldet og vert nytta til å reinska gjellene.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Kongekrabben lever i kaldt vatn, som regel mellom –1,7 til +11 ºC. Larvane lever planktonisk, før dei botnslår på tare, svampar eller mosdyrkolonier. Det første leveåret heldt dei til på grunt vatn med hard botn, før dei i andre leveår tek til å samla seg i flokkar og vandrar ned til 20-50 m djupn. Medlemmane i dei ulike flokkane er som regel av same kjønn, bortsett frå i gytetida.

Vaksne kongekrabbar er vandrarar som kan tilbakeleggje etter måten særs lange avstandar på næringssøk. Det er observert krabbar som har vandra opp til 13 km på eit døger, 172 km på ein månad og 426 km på eit år. Til vanleg finn ein vaksne individ på blautbotn rundt 200-400 m djupn, bortsett frå i samband med skalskifte og paring då dei vandrar opp til 50–10 m. I denne perioden et dei særleg mykje pigghudingar og muslingar; mat med stort innhald av kalk.

Kongekrabben er elles ein altetar, sjølv om kosthaldet varierer ut frå livsstadium og årstid. Larvane et hovudsakleg plankton, og unge individ har større inntak av tang og tare enn vaksne. Generelt sett følgjer likevel kosthaldet årstidsvariasjonar og vert dominert av pigghudingar, skjel, fleirbørstemark og fisk. Det er òg observert beiting på rogn, men mageinnhaldsundersøkingar tyder på at dette ikkje er nokon vesentleg del av føda.

Kongekrabbe i norske farvatn[endre | endre wikiteksten]

Kongekrabbane i norsk farvatn er etterkommarar etter dyr som vart innført av sovjetiske styresmakter som ein ekstra ressurs til fiskeflåten. Dei første forsøka med kongekrabbe i desse farvatna vart utført allereie under Stalin i 1930-åra, men det var ikkje før på 1960-talet dei vart vellukka. I løpet av heile tiåret vart ei stor mengd både larvar og vaksne dyr sett ut i Murmanskfjorden, og på 70-talet hadde dei fått fotfeste. Den første rapporten om kongekrabbe frå norske farvatn kom i 1976, då fiskaren Øystein Kristiansen fanga eit 6,3 kg tungt eksemplar i Varangerfjorden.

I dag er arten vanleg langs kysten av aust-Finnmark til Tana, og teikn tyder på at han spreier seg stadig vest- og nordover. Einskildindivid er funne heilt sør til Lofoten, men det er tvilsamt at desse har spreidd seg dit for eigen maskin. Mange har ytra ønske om å utrydja han frå norske farvatn, men dette verker korkje biologisk eller politisk mogleg. I Russland vert han framleis rekna som medviten næringspolitikk, og dei håpar på å halda fram som i dag med kvotefangst på ein kontrollert bestand.

Kongekrabben er ettertrakta sjømat i det naturlege utbreiingsområdet. Her ligg dei stabla på ein fiskemarknad.

Fangst[endre | endre wikiteksten]

Noreg og Russland har fastsett fangstkvoter for å regulera bestanden noko. Desse har vorte fastsett på basis av bestanden av hannkrabbar over minstemål (132 mm i Russland, 137 mm i Noreg), med ein beskatningsgrad på 20%. I 2002-sesongen hadde Russland ein krabbekvote på 300 000, medan Noreg hadde 100 000.

I det kommersielle kongekrabbefisket i Noreg er det berre lov å fiske med teiner.

Økologisk skadeverknad[endre | endre wikiteksten]

Feltstudium i russisk farvatn kan tyde på at kongekrabben ikkje påverkar total biomasse og biologisk mangfald i område dei har vore etablert over lengre tid. Det fører likevel med seg store endringar av kva for artar som dominerer, særleg i botndyrsfaunaen.

Kongekrabben er i tillegg berar av fleire parasittar som kanskje kan bli til skade for heimlege artar, m.a. blodparasitten Trypanosoma murmanense, som òg kan gå på torsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]