Kongens gate 15 i Moss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kongens gate 15

Dette er korleis Kongens gate 15 ser ut i 2020.
StadMoss
ArkitektOle Sverre
Kart
Kongens gate 15 i Moss
59°26′13″N 10°39′57″E / 59.4369714°N 10.6657575°E / 59.4369714; 10.6657575

Kongens gate 15 er eit historisk bygg som står som eit kulturminne i sentrum av Moss. Bygget er i dag verna etter plan- og bygningslova og kulturminnelova. Bygget har vore igjennom to bybrannar, den fyrste i 1807 og den andre i 1881 der brannen byrja i dette bygget før det spreidde seg. Sidan 1700-talet har bygget hatt 10 eigarar der alle har drive ulike verksemder. Kongens gate vart brukt som hovudveg før i tida. Det var i denne gata trafikken mellom Kristiania og København var.[1] Bygget har kulturminneID 231652-0.[2]

Huset i historisk kontekst[endre | endre wikiteksten]

Kongens gate 15 har ei lang og interessant historie. I tidlegare tid heitte Kongens gate «øvre gade» og er ei av dei eldste gatene i byen.[3] I dette bygget har det vore to store bybrannar som har øydelagt huset og det har derfor vorte bygd om. Bygget har vore utsett for både bybrannen i 1807 og 1881.[4][5] Bybrannen i 1807 var ein stor bybrann som ramma store delar av Moss 24. mai 1807. Brannen braut ut i ein fabrikk i Storgaten, og spreidde seg utover byen. Det var totalt 34 hus som vart øydelagde og rundt 200 menneske som mista huset sitt.[6] Den siste store bybrannen som herja i Moss var 6. juli 1881, og den starta i Kongens gate 15. Brannen braut ut i bryggerigarden, men denne vart redda. Brannen spreidde seg likevel og gjekk over Søndre Bjerg og Kongens gate.[7] Brannen varte i 8 timar og det var 39 hus som brann ned og fire som vart hardt skadde.[8] I denne brannen var det ei rekke gardar som brann ned. Dette var gardar der dei større forretningane i byen heldt til.[9]

Den største krambua i byen heldt til på Kongens gate 15 frå slutten av 1700-talet, og tilhøyrde Peter Winge. Winge var ein stor gardseigar, trelasthandlar og kjøpmann. Han profitterte godt på næringsutviklinga som skjedde på 1800-talet og han var ein stor del av handelsborgarskapet. Då Winge døydde i 1801 vart garden seld til Magnus Israel Thyrholm,[10] ein annan kjøpmann i Moss. Bybrannen i 1807 øydela krambua og mykje av varebehaldninga, og resten vart øydelagt i ein ny brann som var i 1808. Gjenoppbygginga starta fort etter brannen, og Tyrholm var snart i gang med nye tilsette for å driva skipsreiarlag, trelasthandel, brennevinsbrenneri, tobakksfabrikk og krambua. Ved tobakksfabrikken heldt han òg gåande ein skule for 50 barn samtidig som han var språklærar for handverkarar og handelsmenn. Han stifta eit musikk-selskap kalla Polyhymnia i 1818, men i 1826 gjekk han konkurs og måtta selja alle eigedommane sine. Tyrholm døydde på Carl Johans Hospital i 1847 som ein fattig mann, berre 66 år gammal.[11]

Kongens gate 15 vart 2. juli 1825 tinglyst i eit auksjonsskøyte til kjøpmennene Dahl og Bassøe for 4700 spd. (18 800 kr). Etter nokre få år kjøpte Christian Heyerdahl Bassøe ut Dahl si enke og vart eineeigar i 1829. Bassøe vart den første ordføraren i byen i 1837, og dreiv krambua med brennsvinebrenneriet i bakgarden. Brennevinsproduksjonen var nærare 100 000 pottar per år.[12] Dette svarer til 96 000 liter.

Konkurransen mellom brenneria i byen var knallhard på den tida. Det var enormt mange brenneri i Moss og brennsvinenæringa vart viktig for næringslivet i byen. Det blei produsert mykje korn i Noreg som vart grunnleggjande for spritproduksjon.[13] Bassøe klarte ikkje å halda nivået oppe på kvaliteten og prøvde etter kvart på ølproduksjon. Ein mann med namn Thorvald Larsen vart etter kvart med i drifta, og i 1854 vart Heyerdahl og Larsens bryggeri etablert. Ikkje lenger enn eit år etter måtte Bassøe selja alt han eigde då han likevel ikkje klarte forpliktingane sine. Thorvald Larsen greidde heller ikkje å komma seg gjennom den økonomiske krisa som ramma Moss, og etter nokre år med ekstreme pengeproblem selde han garden til Carsten Smith i 1859. Smith byrja etter kvart å interessera seg i andre bryggeri-drifter, og interesseselskapet Moss Bryggeri vart danna. Bryggeriet var i verksemd i Kongens gate 15 heilt fram til 1903, då det slo seg saman med Victoria Bryggeri i storgata og staden vart selt til Moss Privatbank. Garden vart ombygd og innreidd etter teikningar av arkitekt Ole Andreas Sverre.

Bildet av Moss bys bygge-skikkepris som heng på utsida av bygget som Ellen og Knut Lindman fekk i 2002.

Kongens gate 15 var Moss Privatbank til 1972 då han måtte innstilla betalingane sine. Garden vart kjøpt opp av Hans Steen Flemming, og har sidan den tida vore i eiget til familien. Moss og Oplands Bank A/S tok over etter Moss Privatbank og denne banken var der fram til 1957, då han etterkvart flytta over gata til Dronnings gate 1. Moss og Oplands Bank A/S finst den dag i dag, men banken har bytt namn til Nordea.

Ellen og Knut Lindman er dei noverande eigarar av garden, og har gjennom åra gjort betydelege restaureringar av bygningen. Med den lange og interessante historia til den gamle «Bankgården» vart han i 1978 verna Ellen og Knut Lindman fekk Moss bys byggeskikkepris i 2002 for at dei hadde hatt så god vedlikehald av «Bankgården».[14]

Byggets mest kjente eigarar i historisk kontekst[endre | endre wikiteksten]

Peter Winge (d. 1801) var eigar av bankgarden som låg i Kongens gate 15 på slutten av 1700-talet. Winge var i tillegg ein kjøpmann og trelasthandlar. Etter at Winge gjekk bort i 1801, vart bakgarden med tobakksfabrikk og krambua selt vidare til Magnus Israel Tyrholm.[15]

Magnus Israel Tyrholm (1781-1847) hadde eit stort prestisjefall. Han gjekk frå rikdom og suksess til å gå konkurs og mista rettane til fabrikkane, Grimsrød gard og laksefiskeria sine, som vidare førte til fattigdom og etter kvart at han døydde på sjukehuset i Værlestanden i 1847. Mykje av grunnen til den store nedgangen var investeringane han gjorde då han kjøpte musikk-selskapet «Polyhymnia» som vart stifta i 1818. Åtte år seinare gjekk han konkurs og vart nøydd til å selja alle eigedommane sine, og Christian Heyerdal Bassøe kjøpte verksemda med ein annan kjøpmann med namn Dahl.[16]

Christian Heyerdal Bassøe (1799-1870) var ein kjøpmann som var fødd i Rakkestad. Bassøe fekk i 1825 borgarskap i Moss og vart kjent som ein framståande mann i byen. Etter kvart blei han den første ordføraren i byen i 1837 . Han sat som ordførar i fire forskjellige perioder: 1837, 1841, 1843 og 1844. I 1857 gav han opp forretningane over Bankgården (Kongens gate 15) og Orkerød.[17]

Bilde av Moss Privatbank (Kongens gate 15) i 1905.

Byggets arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Kva tid Kongens gate 15 opphavleg blei bygd er ukjent, men ein veit at det blei ombygd i 1905 av den norske arkitekten Ole Sverre. Det har vore mykje busetnad på eigedommen, som går helt bak til slutten av 1700-talet. Bygget har vore utsett for både bybrannen i 1807 og 1881. Bybrannen 24. mai 1807 var ein stor bybrann som ramma store delar av Moss. Før bybrannen i Moss eigde Moss bryggeri eigendommen. I 1904 kjøpte Moss Privatbank opp eigendommen. Før Moss Privatbank overtok eigendommen hadde fasadane langs gata vore så anonyme, men allereie før Moss Privatbank underteikna overdraginga, engasjerte den kjente Fredrikstad-arkitekten Ole Sverre seg. Det fekk då sin noverande utsjånad som har trekk frå fleire stilperiodar – nybarokk, klassisisme og litt nyempire. Han la ei representativ og imponerande ramme om den nye banken. Dette inkluderte eit inngangsparti med brei søylefront med joniske søyler i tre og stor granittrapp som frontmotiv i Dronningens gate. Det svinga mansardtaket og artikuleringa inspirert av 1700-talets byggeskikk gir fasaden eit livleg preg. Øverst på gavlen (hagen) finn ein byens gamle byvåpen omslutta av girlanderar. Dette byvåpenet er bevart i høve funksjonen som bankbygg og det representative utsjånad bygget fekk.[18]

I seinare år har Kongens gate 15 romma mange forskjellige forretningar. I 1978 blei fasaden til Bankgården pussa opp og fargesett i samarbeid med eigarane, fylkeskonservatoren og byarkitekten i Moss.[19]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jørgen Herman Voft (1970). Moss som den var. Selskabet til Moss bys vel. s. 88. 
  2. Kulturminnesøk, «Kulturminnesøk», kulturminnesok.no (på norsk bokmål), henta 10. september 2020 
  3. Jørgen Herman Vogt. Moss som den var. Selskabet til Moss bys vel. s. 82. 
  4. «Bybrannen i Moss 1881 – lokalhistoriewiki.no», lokalhistoriewiki.no, henta 10. september 2020 
  5. «Bybranner – Moss byleksikon», www.mossbyleksikon.no, henta 10. september 2020 
  6. «Bybrannen i Moss 1807 – lokalhistoriewiki.no», lokalhistoriewiki.no, henta 10. september 2020 
  7. «Bybrannen i Moss 1881 – lokalhistoriewiki.no», lokalhistoriewiki.no, henta 10. september 2020 
  8. «Bybrannen i Moss 1881 – lokalhistoriewiki.no», lokalhistoriewiki.no, henta 10. september 2020 
  9. Jørgen Herman Vogt. Moss som den var. Selskabet til Moss bys vel. s. 90. 
  10. «Dagsavisen – nyheter, sport, debatt og kultur», www.dagsavisen.no (på norsk), henta 10. september 2020 
  11. «Bankgården - Kongens gate 15», www.mosshistorielag.no, henta 10. september 2020 
  12. «Bankgården - Kongens gate 15», www.mosshistorielag.no, henta 10. september 2020 
  13. «Moss var landets spritfabrikk på 1800-tallet», www.dagsavisen.no (på norsk), henta 15. september 2020 
  14. «Bankgården - Kongens gate 15», www.mosshistorielag.no, henta 10. september 2020 
  15. «Bankgården - Kongens gate 15», www.mosshistorielag.no, henta 10. september 2020 
  16. «Stormannen fra Moss som endte sine dager i fattigdom», www.dagsavisen.no (på norsk), henta 10. september 2020 
  17. «Bassøe, Christian Heyerdal – Moss byleksikon», www.mossbyleksikon.no, henta 10. september 2020 
  18. «Kongens gate 15 (Bankgården) – Moss byleksikon», www.mossbyleksikon.no, henta 10. september 2020 
  19. Kulturminnesøk, «Kulturminnesøk», kulturminnesok.no (på norsk bokmål), henta 10. september 2020