Kongens gate 22 i Moss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kongens gate 22 i Moss

Kart
Kongens gate 22 (Moss)
59°26′12″N 10°40′05″E / 59.4366596°N 10.6680903°E / 59.4366596; 10.6680903
[1] Daverande Kongens gate 22 (1913) Foto: Gustaf Lindman Eigar: Moss by- og industrimuseum Lisensiering: CC BY-NC-ND MuseumsidentifIkasjonsnummer: MBIF.2000.014-210

Kongens gate 22 er ein gammal bygard i Kongens gate i Moss sentrum. Bygarden vart bygd i 1883, og huset var tidlegare eit av dei tre apoteka i byen. Gata som bygarden ligg i heitte opphavleg «Kongsgarden». Dette namnet var i bruk før 1841[2] og i 1907 vart namnet endra til Kongens gate. Kongens gate 22 er ikkje den opphavlege adressa. Tidleg på 1800-talet var adressa Kongens gate 97 og 98, i 1841-1868 var adressa Kongens gate 126a og frå 1884-1889 var adressa Kongens gate 22, og i 1904 var adressa Kongens gate 24. I dag heiter adressa Kongens gate 22.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før i tida var Kongens gate 22 eit forretningsbygg og gjekk under namnet «Elefant-Apoteket».[3] Dette apoteket brann ned i ein bybrann, og det vart deretter bygd eit nytt apotek i Kongens gate 22.[4] Bygningen bestod av to delar: ei leilegheit i øvre del av bygningen og eit apotek i nedre del av bygningen. På apoteket vart det selt eksklusive varer som sjokolade, margarin og te. Dette vart det reklamert for ved inngangspartiet til bygningen.

Det har vore apotek i Moss i fleire hundre år.[5] Alle eldre apotek som vart oppretta før 1850 i Noreg var basert på private privilegium. Apotekaren måtte først ha Kongeleg Bevillingsbrev, og måtte vera eksaminert av Fakultetet i København.[6] Moss fekk det første apoteket sitt i 1736, som var ein filial av Fredrikstad Apotek. Filialapoteket heldt til på ulike ledige lokale.

På 1900-talet hadde byen tre apotek; Elefantapoteket i Kongens gate 22, Apoteket Ørnen i Dronningens gate 14 og Svaneapoteket i Storgata 16 - seinare Dronningens gate 27. I dag eksisterer ingen av apoteka på den opphavlege adressa si. Trass i dette er Elefantapotekets symbol, altså elefanten, bevart på fasaden i Kongens gate 22.

Bebuarar[endre | endre wikiteksten]

Frå 1881:[endre | endre wikiteksten]

1881: bybrann i Moss. Oswald Fredrik Bruun kjøpte Moss Apotek i Kongens gate 27 av Carl Friederich Finck. Kongens gate 22, der det fekk namnet Elefantapoteket. Apoteket skifta namn sidan at Bruun ikkje lenger fekk lov til å kalla apoteket sitt for Moss Apotek.[7]

Harald Thaulow: tok over apoteket etter Bruun, og hadde det i eit år.

Christen Andreas Lamballe: hadde apoteket til 1903.

Lauritz Beer Jonassen: var her til 1910, og i tillegg hadde filial i Hølen.

Knut Michael Spæren: var her i to år, til 1912.

Johan Heinrich Meyer Sørenssen: han overtok etter Spæren, og gjorde seg merka i bybildet, sidan at han var med i Moss bystyre. Sørenssen døydde i 1924.[8]

Frå 1925[endre | endre wikiteksten]

Sigurd og Toralf Lundegaard: to sørlandskbrødrar frå Farsund. Sigurd tok over Elefantapoteket i 1925, og han døydde berre 55 år gammal. Broren hans Toralf Lundegaard dreiv apoteket vidare fram til 1959.[9]

Hans Holmboe: vart fødd i 1862 i Fredrikstad. Holmboe var ein privatpraktiserande lege frå Kragerø og hadde frå 1927 kontoret sitt i Kongens gate 22. Holmboe hadde ei kone ved namn Cathrine Holmboe, f. 1868 i Fredrikstad. Saman hadde dei døtrene Cathrine Radich Holmboe, f. 1897 i Inderøy, og Agnes Holmboe, f. 1899 i Moss. Familien saman med tenestejentene Sofie Ottesen og Hilda Olsson budde i leilegheit 03 i Chrysties Gade 1a i Moss.[10]

Leif Kristian Stang Hedenskou: 1959-1972. Han var frå Moss, og son av Ludvig Nikolai Hedenskou.

Sofie Aasmundrud: 1972-1976. Sosialdepartementet gav ho løyving til å driva Elefantapoteket i Moss.[11]

Petter R. Kvamme: 1976-1997. Kvamme selde Kongens gate 22 for kr 4 300 000,- til Naf Gårdene As.[12]

Byggestil[endre | endre wikiteksten]

Elefantsymbolet bevart som eit minne.

Dei fleste av husa som gjekk tapt i bybrannen i 1881 låg ved Kongens gate og Klostergata, og ein av desse bygningane var Kongens gate 22. På denne tida var det mange norske byar som vart herja av bybrannar. I 1883 byrja gjenoppbyggingen av Moss sentrum, og Kongens gate 22 var ein av dei første bygardane som vart reist opp igjen. Det vart lagt mykje pengar og jobb i å få eit stilfullt bygg. Bygningen består av element frå tida av historismen. På toppen tronar det ein liten gresk gavl med rosett i, og dessutan tre overdimensjonerte akroterion og elefanten.[13]

Det kom i 1978 inspektørar frå departementet som skulle kontrollera og gi påboda sine. Etter denne inspeksjonen fekk Elefantapoteket beskjed om å bygga om. Den indre delen av lokala skulle moderniserast og planane måtte til Sosialdepartementet for å godkjennast. Bygarden vart til trass for dette ikkje gjort om og modernisert før i 1982.[14] Utvendig blant anna vart utgangsdøra bytt ut med eit vindauge og trappa føre inngangen fjerna. Innvendig vart golvet bytt ut og rampe for å jamna ut nivåforskjellar ute og inne, og lettvegger vart sett opp.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kongens gate 22 i Moss. A/S Moss KaffeforretningKongens gate 22 i Moss. A/S Moss Kaffeforretning i Moss. Brændt Kaffe. The. Cacao. Raa Kaffe. Chocolade. Margarin. Reklame: paa alle Kjøp. Kun prima varer. A/S Moss Kaffeforretning ikke opgitt i Adressebok for Fredrikshald, Fredrikstad, Moss, Sarpsborg 1911-12. Kontoret til Doktor Holmboe, (H. Holmboe), Kongens gate 22. Hans Holmboe, f. 1862 i Kragerø, privtapratiserende lege i Moss (Folketelling 1910 Moss). Gateadressa til lege Hans Holmboe oppgitt til Kongens gate 22 ifølge Adressebok for Fredrikshald, Fredrikstad, Moss, Sarpsborg 1911-12. Reklame: Om hjørnet Elephant-apotheket., Torvet.», digitaltmuseum.no, henta 8. september 2020 
  2. «Kongens gate – Moss byleksikon», www.mossbyleksikon.no, henta 8. september 2020 
  3. «Digitalt museum». 
  4. Kulturminnesøk, «Kulturminnesøk», kulturminnesok.no (på norsk bokmål), henta 8. september 2020 
  5. «Apotek i Moss – Moss byleksikon», www.mossbyleksikon.no, henta 8. september 2020 
  6. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 8. september 2020 
  7. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 8. september 2020 
  8. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 8. september 2020 
  9. «Kulturminnekart» (PDF). Henta 8. september 2020. 
  10. «001 Hans Holmboe - 03 - 0029 Chrysties Gade 1a - 010 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1900 for 0104 Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 8. september 2020 
  11. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 8. september 2020 
  12. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 8. september 2020 
  13. «Moss Kommune» (PDF). Henta 8. september 2020. 
  14. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 8. september 2020