Kongens gate 30 i Moss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kongens gate 30 i Moss
Kongens Gate 30, Moss.jpg

Kongens gate 30 i Moss
59°26′9″ N 10°40′4″ E

Kongens gate 30 er ein verna bustad midt i sentrum av Moss. Bygget har kulturminne-id 231555. Då bustaden vart registrert første gong i år 1800 hadde det matrikkelnummeret 116. Ved neste folketeljing i 1841 hadde bygningen matrikkelnummer 121, dette vart verande heilt til folketeljinga i 1884. Då fekk bygningen adressa Kongens gate 30, som han har halde på sidan den gong.[1] Kongens gate 30 ligg i vegen som tidlegare var hovudveg mellom Christiania og København.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bygget som først vart registrerte i år 1800, vart brukt som både forretningsbygg og bustad. Det var Hans Nicolay Andresen som i 1875 starten handel her, han starta eit møbelmagasin med tilhøyrande møbellager.[2] Fram til Hans Nicolay oppretta bedrifta si var det mange som budde her, vi har lista opp dei vi veit har budd der lengre ned i artikkelen. Bygningen var i 1860 forsikra for 2100 spesiedaler. Då spesiedaler vart endra til norskkrone i 1874, vart det bestemt at 1 spesiedal svarte til 4 kr,[3] 2100 spesiedaler svarte til 8400 kr på den tida. Inflasjonskalkulatoren til Noregs bank fortel oss at dette svarer til ca. 595 000 kr i dagens kronekurs.[4]. Etter bybrannen i 1881[5] stod det nye bygget allereie klart i 1883, dette var mogleg fordi H. Nicolay Andresen hadde forsikra bygget sitt. Branntakst var veldig dyrt fordi bybrannar hende oftare før i tida. Andresen hadde branntakst noko som viser at dei hadde god råd og dermed var ein del av borgarskapet. Den nye bygningen vart forsikra for 23.000 kr. Noregs bank inflasjonskalkulatoren sin fortel oss at det er 1 586 459 kr etter dagens kronekurs.[4]

Bybrann[endre | endre wikiteksten]

Bygget som står på Kongens gate 30 i dag er ikkje det same som stod der på starten av 1800-talet. 16. juli 1881 braut det ut ein brann i Moss by. Brannen kosta 39 hus og fleire vart totalskadd, deriblant Kongens gate 30. Årsaka til brannen vart aldri slått fast, men ein veit at brannen kunne spreidde seg på eit så stort område fordi husa var bygde i tre og stod veldig nær kvarandre. Etter bybrannen i 1881 vart det innført murtvang i heile Moss sentrum, og alle bygningar som hadde brunne ned i bybrannen måtte dermed byggjas opp i mur.[6][7] Kongens gate 30 var totalskadd og måtte derfor rivast, men allereie i 1883 stod murbygningen klar.[8]

Byggestruktur i kontekst[endre | endre wikiteksten]

Bygningen er arkitektonisk typisk for Mossehistoria. Han viser ulike stilideal, men er einskapleg i materialbruk med puss og stukkatur, og er i same målestokk og gesimshøgder.[9] Kalkstein er hovud materialet som er brukt i denne bygningen. Bygget er utsmykka med mykje stukkatur langs vindauga og under taket, dette representerte velstand. Det var ikkje mange som hadde råd til slik utsmykking på huset sitt, noko som viste at eigarane var ein del av overklassen.

Kulturminne[endre | endre wikiteksten]

Kongens gate 30 vart bevarte i 2006, det vart foreslått bevart igjen i 2015. Huset vart bevart som ein del av eit heilskapleg historisk bymiljø frå 1800-talet. Bygget vart bevart på grunn av sin autentisitet, representativitet og alder.[10]

Bebuarar i kontekst[endre | endre wikiteksten]

I følgje folketeljinga frå 1801 var det, Carsten Carstensen(27) som saman med kona si Elen Olsdatter(43) budde i Kongens gate 30, Christina Hedevig Wolf(56) budde òg her. Elen var 16 år eldre enn Carsten, noko som var høgst uvanleg for giftarmål på denne tida, likevel var dei gift.[1]

I følgje folketeljinga frå 1841-1844 (121a) Fru A. M. Mentzeler, enke og Helvig Jensdatter, tenestejente. (121b)var det Theodor Ullitz kona hans som budde her saman med dottera deira Louise Ullitz. Tjenestepikene Ingeborg Syversen og Anne Olsdatter. Candidat H. Julius Knudsen og kona hans Petra Marie Blom. Dei budde her saman med barna deira, Johanne Juliusdatter og Christian Fredrik Juliusen. Tenestejentene deira var Anne Halvorsdatter og Christiane.[1] Det var altså 13 personar som budde i Kongens gate 30 mellom år 1841 og 1844, dei måtte bu tett og leigeprisane var høge i forhold til inntekta. Dei som leigde her var mest sannsynleg ein del av arbeidarklassen, og hadde derfor ikkje råd til å kjøpe eigen bustad.[1]

Familien Andresen[endre | endre wikiteksten]

1841 er første gong ein Andresen er registrert som eigar av Kongens gate 30. Familien eigde bygningen i alle fall fram til 1923, det er vanskeleg å seia når bygningen vart selt ut av familien. Familien leigde hovudsakleg ut rom i bygarden, det kosta 300 kr rommet per år.[11] I 1875 etablerte Hans Nicolay Andresen (son av Hans Andresen som var kjøper av bygget i første omgang) eit møbelmagasin med tilhøyrande møbellager.[1][2] Det at dei leigde ut bygarden kan ha ført til at dei fekk nok pengar til å starta sitt eige firma. Hans Nicolay var snikkarmeister og var derfor særs eigna til å starta eit møbelfirma. Sonen hans Alfred Emil Andresen vart utdanna møbelarkitekt, ei akademisk utdanning som denne var reservert for dei privilegerte i samfunnet. Alfred Emil tok seinare over møbelforretningen. Dette var altså ein handelsfamilie som høyrde til overklassen. På grunn av befolkningsveksten i byane auka velstanden til borgarskapet. Familien Andresen var ein av dei få familiane i Moss som naut godt av den industrielle revolusjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Aud R. Løvig (28.01.2015). «kongens gate 30» (PDF). Henta 04.09.2020. 
  2. 2,0 2,1 «Kongens gate 30 i Moss. H. Andresen Møbellager, etablert 1875. Konggadens Møbelmagazin (på veggen). Ukjent mann på trappa. Ifølge folketelling 1910 for Moss kan det være: Hans Nicolay Andresen f. 1849 som er snekkermester og har forretning i Kongens gate 30. Ifølge MBIs liste: "Reven", Åsa Evensen.». digitaltmuseum.no (norsk bokmål). Henta 4. september 2020. 
  3. Paulsen, Erik O. (26. februar 2019). «spesidaler». Store norske leksikon (norsk bokmål). Henta 4. september 2020. 
  4. 4,0 4,1 «Priskalkulator». www.norges-bank.no (norsk). Henta 4. september 2020. 
  5. «Bybranner – Moss byleksikon». www.mossbyleksikon.no. Henta 4. september 2020. 
  6. «Murtvang for å forebygge brann». www.dagsavisen.no (norsk). Henta 20. september 2020. 
  7. «Bybranner – Moss byleksikon». www.mossbyleksikon.no. Henta 20. september 2020. 
  8. Riksatikvaren. «Kongens gate 30» (PDF). Henta 04.09.2020. 
  9. Aud R. Løvig (28.01.2015). «Kongens gate 30» (PDF). Henta 04.09.2020. 
  10. Moss kommune. «Verdivurdering av kulturminner» (PDF). Henta 04.09.2020. 
  11. «01 - 0029 Kongensgate 30 - 002 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1910 for 0104 Moss kjøpstad - Digitalarkivet». www.digitalarkivet.no (norsk). Henta 4. september 2020.