Kongesjaluppen «Stjernen»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Stjernen»
Karriere
Type: dampskip, presidentyacht
Verft: Akers mekaniske Verksted
Byggjenummer: 189
Ferdigbygd: 1899
Sett i teneste: 1899

Kongesjaluppen «Stjernen» er det minste norske dampskipet som framleis eksisterer.

Kongesjaluppen «Stjernen» vart bygd av Akers mekaniske verksted på oppdrag av Oskar II av Noreg og Sverige i 1899. Frå 1905 og fram til den fyrste verdskrigen vart han brukt av Haakon VII av Noreg. I mellomkrigstida vart han brukt om sommaren til ulike oppgåver, mellom anna som turbåt i Oslofjorden. Etter at tyske offiserar hadde nytta båten under den andre verdskrigen vart han kassert på grunn av dårleg forfatning og selt. Han vart transportert til Mjøsa og ombygd til fraktebåt.

Sjaluppen vart seinare gjenoppdaga ved Mjøsa, han var i ein svært dårleg forfatning. Ved hjelp av gåver og gjennom dugnadar organisert av foreininga Marinemuseets Matroser vart han sett i stand igjen, så mykje som mogleg av den opphavlege substansen til båten vart bevart. 21. mars 2000 vart han sjøsett igjen.

I 1996 vart «Stjernen» erklært verneverdig av riksantikvaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]