Konglomerat i økonomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit konglomerat er ei gruppe av føretak med seg i mellom ulike verksemder. Denne føretaksideen spreidde seg til Europa frå USA etter andre verdskrigen. Fordelane vart rekna å ligge i at den langsiktige lønsemda til føretaket skulle auke gjennom risikospreiing til ulike føretaksområde. Konglomereringa førte ofte til at dei administrative kostnadene auka. Sidan 1970-talet er derfor mange konglomerat delt opp.

Eit konglomerat kan òg vere når ei mengd statar eller liknande arbeider saman for å til dømes oppnå eit handelsmonopol eller danne ein handelskonføderasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]