Konglungen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Konglungen er ei lita øy på vestsida av Holmenfjorden i Asker kommune, yst på halvøya Løkenes, som skil Leangbukta eller Leangen frå Blakstadbukta. Men mange nyttar namnet Konglungen ikkje berre om sjølve øya, men òg om mykje av halvøya Løkenes, eller om heile halvøya. Halvøya, som vart kalla Laukenes etter gamal uttale, og har gjeve namn til garden Løkens, som ligg på halvøya, skal ha fått namnet av di det veks vilt mykje lauk i området.

Øya Konglungen, som i tidlegare tider låg under garden Løkenes, er skild frå halvøya Løkenes med eit smalt sund som det er bygd ei bru over. Øya har ein særskild idyllisk karakter ved å vere dominert av gamle bustadhus etter farne tiders fiskarar, jakteskipparar, fraktemenn og andre sjøfolk, og kan til dels gje inntrykk av å vere ein tettbygd liten by av det slaget som finst på sørlandskysten. Strandsitterhuset er det eldste av husa på øya, flytta til hit i 1820 frå Ostøya (Oustøya) i Bærum kommune. Dette huset disponerast no av Asker museum, som har utstilling i huset, ope for publikum sommarstid.

På Konglungen budde los Arnt Nilsen, som i 1905 førte inn til byen skipet som kong Haakon 7. kom til Noreg med.

Det kan vere at namnet Konglungen skriv seg frå ei samansetning av det gamle ordet «kuml», som tyder gravhaug, og «ungr», som tyder vik. To røyser som truleg har vore forhistoriske gravrøyser, har lege på øya, men vart fjerna ikring år 1914 utan å ha verte granska. Det finst elles andre forminne på øya, mellom anna ei rundrøys som kan ha vore opp mot 17 meter i tverrmål.

Geologisk høyrer øya til Oslofeltet. Eit areal med fossilhaldige bergartar vart verna som naturminne i 1988.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Borgen, Per Otto. 2006. Asker og Bærum leksikon, side 290. Drammen: Forlaget for by- og bygdehistorie. ISBN 82-91649-10-3