Kongsøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kongsøya
Geografi
Stad Barentshavet
Koordinatar 78°56′N 28°35′EKoordinatar: 78°56′N 28°35′E
Øygruppe Svalbard

Areal 191 km², der isbrear utgjer 9 km²

Kystlengd 132 km
Høgaste punkt Retziusfjellet (320 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Demografi
Folketal 0

Kongsøya er ei øy i øygruppa Svalbard. Ho er den største øya i Kong Karls land og har eit areal på 191 km². Den andre store øya i øygruppa er Svenskøya.

Øya er langstrekt og forma som ei banan. På sørsida av øya ligg Breidbukta. Svenskøya ligg sørvest for Kongsøya og mellom desse ligg Rivalensundet. Lydiannasundet ligg mellom Kongsøya og Abelsøya, som ligg nordaust for Kongsøya. Mellom desse tre øyane og Nordaustlandet i nordvest ligg Erik Eriksenstretet.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Svalbard å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.