Kongsberg Sølvverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kongsberg sølvverk)
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian sjuandes stoll i Kongens gruve fotografert i 2006.
Opninga inn til Christian sjuandes stoll i Kongens gruve i Saggrenda.

Kongsberg Sølvverk var eit gruveselskap som kong Christian IV skipa i 1624 for å utnytte sølvførekomstane i Kongsbergområdet, som det var sett i gang gruvedrift på i 1623. Med unntak av somme avbrot, var Kongsberg Sølvverk i gang fram til 1958. Frå 1624 til 1958 produserte dette sølvverket til saman om lag 1350 tonn sølv.

For å take vare på dei mange spora etter dei meir enn tre hundre åras gruvedrift som eit industrielt kulturminne, vart i 2003 det tretti rutekilometer store området for verksemda freda som kulturmiljø. Området er rekna for å vere av stort nasjonalt og internasjonalt verde.

Sølvførekomstane og gruvene[endre | endre wikiteksten]

Sølvet i Kongsbergtraktane var knytt til gangar i fjellet som ofte berre var tynne som papir eller med ein tjukkleik på nokre centimeter, i regelen berre tre til ti centimeter, og berre unntaksvis meir enn halvmeteren. Som regel var sølvet å finne der gangane går gjennom såkalla fallband, som er bleike bergartssoner med kismineralar, mest svovelkis. Nemninga fallband skriv seg frå det tyske ordet for bleik eller gusten, fahl.

Dei viktigaste av desse fallbanda låg i dei områda som vart kalla Underberget og Overberget, med Underberget i lågaste høgda over havet og nærast byen Kongsberg, og Overberget høgare og litt vest for byen. På Underberget låg ein rad gruver i fem kilometers lengd, og av desse var Samuel gruve i drift fram til 1935. På Overberget er det fleire gruver over ei lengd på ni kilometer. Mange av gruvene er særs djupe. Dei største er Kongens gruve, med botnen meir enn 1000 meter under overflata, og Gottes Hülfe in der Noth. Det var òg gruveverksemd fleire andre stadar i Kongsbergområdet, som til dømes ved Vinoren og Trollerud og vestover, sør for fjellet Jonsknuten.

Drifta[endre | endre wikiteksten]

Frå skipinga i 1623 og fram til 1683 vart sølvverket dels drive av staten (kongen) og dels av private. Men frå 1683 var det statleg drift fram til 1805. Statsdrifta byrja som ein oppgangsperiode under inspirasjon av ein dyktig tysk bergmann, Heinrich Schlanbusch, som kongen hadde kalla inn, og det gjekk snøgt attende med verksemda etter at han drog frå sølvverket. I 1731 vart det gjort freistnader på å selje verket, men utan å lukkast, og kongen kalla då inn tyske bergmenn att, mellom andre oberberghauptmann Joachim Andreas Stukenbrock (fødd 1699 i Harz i Tyskland), som mellom anna fekk med bygginga av Kongsberg kyrkje å gjere. I hans tid, og ei tid etterpå, hadde verket ein særs god periode med på det meste til saman 4000 tilsette arbeidarar i 78 gruver og skjerp, og produksjonen på 8,5 tonn sølv i 1771 er høgdepunktet i denne perioden. Men frå 1770 hadde det byrja å gå kjapt nedover med verkets økonomi, og i 1805 vart det gjort vedtak om å leggje det ned.

Men etter at eidsvollsmannen Poul Steenstrup (som seinare vart sølvverksdirektør) sterkt hadde gått inn for å take opp att drifta, gjorde Stortinget vedtak i 1815 om å setje i gang prøvedrift for å granske tilhøva ved å drive stollar inn til dei førekomstane i Overberget som ein kjende til frå før, og drifta kom i gang i 1816. I 1830 var ein kome inn til Kongens gruve og kunne gjere seg nytte av nyoppdaga førekomstar av malm og av betra tilkomst, og verksemda gav godt økonomisk utbytte fram til 1888. Frå då av byrja verksemda å gå med underskot på grunn av stendig lågare prisar på sølv, men underskotet kunne fram til i 1920-åra dekkjast av overskot frå skogsdrifta, som alltid hadde vore ein part av drifta av sølvverket, og dessutan av renter frå eit driftsfond som var skipa i 1865.

Gruvene er no stengde for publikum, og opningane delvis mura att. Men somt, mellom anna ei gruve som publikum kan vitje ved å verte med eit gruvetog 2,3 kilometer inn i berget, er omgjort til museum og turistattraksjon under Norsk Bergverksmuseum. Gruva som på denne måten er opa for publikum, ligg i Saggrenda, om lag åtte kilometer frå Kongsberg sentrum.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Store norske leksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]