Kongsbergfenta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kongsbergfenta eller Va de`kje du som leika med Guro er ein gangar eller lausslått i mange variantar. Hardingfeleverket har registrert 11 variantar av slåtten, for det meste i Telemark, men òg i Hallingdal, Voss og Setesdal. Mykje tyder på at slåtten har spreidd seg frå Telemark til dei andre dalføra etter dei vanlege ferdslevegane. Tor Grimsgard frå Hallingdal kan til dømes ha fanga opp slåtten på Kongsbergmarken. Telemarksformene skriv seg mest truleg frå Myllarguten, til mellom andre Øystein Hovdestad, Ånund Tveiten og Olav R. Berge. i Austre Telemark går lina via Hans Hansson Flatland og Svein Løndal. Namnet Kongsbergfenta følgjer Myllarguten, som nok har sett dette namnet på slåtten. Det er mogleg at denne slåtten opphavleg skriv seg frå Jon Kjos.

Variantgruppa har nummer 153 (Ei form i same gruppa er skriven ned som nr 101). Namnet Kongsbergfenta er knytt mest til formene i Vesttelemark. Namnet er knytt til Kongsberg (ei framand jente eller fente derifrå).

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

153: