Kongsbergmarken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kongsbergmarken er eit årleg stemne som er halde på Kongsberg siste veka i februar kvart år. Knytt til dette stemnet er det og ein årleg kappleik, Markenskappleiken, arrangert på Lågendalsmuseet siste laurdagen i februar.

Kongsbergmarken er eit av dei eldste årlege stemna som er halde ved like i Noreg. Bakgrunnen for stemnet var kravet om handel mellom kaupstaden Kongsberg og bygdene ikring. Dei første åra var gruvesamfunnet svært lukka, men av di det ikkje vart tilført varer, kom det til oppstand alt i 1628. Kongen fastsette då ein årleg marknad, som snart vart utvida til tre marknader i året, for å føre varar til gruvearbeidarane. Desse stemna utvikla seg til Kongsbergmarken.

Kulturhistorisk kom denne marknaden til å tyde mykje for utvekslinga av norsk folkemusikk. Her møttest fehandlarar og bønder frå Hallingdal, Numedal, Valdres og Telemark, og spelemenn frå alle desse dalføra møttest og bytte slåttar der. Kongsbergmarken kom til å avlaste den noko eldre marknadsplassen på Bragernes, Drammensmarken.

Kongsbergmarken er no halden i livet som ein årleg vinterfestival.