Kongsjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kongsjord (på færøysk: kongsjørð, uttala 'kongsjør') er den færøyske nemninga på jord som i dag er ått av Landsstyret på Færøyane. Ikkje langt frå halve jorda på Færøyane er ått av staten som kongsjord. Kongsjord vert drive av ein kongsbonde, som leiger henne av staten.

I opphavet var denne jorda kyrkjejord og ått av den katolske kyrkja. Etter at vesterkyrkja vart kløyvd under omveltet, og kyrkja stod med vanmakt, gjekk jorda åt kongen i 1538. Difor omgrepet kongsjord, eit omgrep som held seg endå trass i at jorda ikkje vert ått av nokon konge.

Kongsjorda vert sett på som motsetnaden til odelsjord. Til skilnad frå odelsjord, held kongsjorda seg i same standet heile tida. Odelsjord, som er ått privat, blir delt mellom ervingane og vert gjennom ættsledane mindre, og dimed mindre eigna til å leve av. Kongsbondanne ervingar har etter seden rett til å arve leigeseglet. Dimed rår kongsbondeættene ein arv som dei kan rekne som sin.

Den største kongsgarden på øyane er Kirkjubøargarður i Kirkjubøur. Patursson, som driv garden i dag, er den 17de generasjonen på garden. Kongsgården på øya Koltur er au namnkunnug. Der lever ein annan Patursson bur ålene med kone og dyr.