Hopp til innhald

Kongsmarihand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kongsmarihand

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig Kongsmarihand
Kongsmarihand

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. majalis
Underartar
Vitskapleg namn
Dactylorhiza majalis
(Rchb.) P.F.Hunt & Summerh.
Økologi
Habitat: skog, myr, fjell
Utbreiing: Eurasia

Kongsmarihand (Dactylorhiza majalis) er ei plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien).[1]Norsk raudliste for artar (2021) er ho vurdert som livskraftig (LC) på grunnlag av den vanlegaste underarten i Noreg.[2]

Systematikk og utbreiing

[endre | endre wikiteksten]

Artsdatabanken bruker prinsipielt separate navn på ulike taksonomiske nivå. Denne arten har tidlegare ikkje hatt noko norsk namn i Artsdatabanken, men har fått namnet kongsmarihand, eit namn som tidlegare var brukt om nominatunderarten Dactylorhiza majalis ssp. majalis, som ikkje veks i Noreg.[3]

Kongsmarihand er ikkje monofyletisk, men polyfyletisk. Det vil seie at dei ulike orkideane som er klassifiserte her, ikkje er direkte i slekt med kvarandre. Alle er oppstått på same måte, gjennom hybridisering mellom bleikmarihand og engmarihand, men til ulike tider og på ulike stader. Dei har genetiske likskapar, men klassifiseringa er alt anna enn enkel. Orkidear som av somme blir rekna som underartar eller til og med eigne artar, kan av andre bli avfeide som lokale, tilfeldige variantar. Somme forfattarar avviser heile arten majalis og omtalar dei som separate artar.[4][5]

Underartane i Noreg er:[3]

I Norden finn vi elles:

På Dei britiske øyane finst òg underartane (der rekna som eigne artar):

I Finland er underartane rekna som separate artar som samla blir omtalt som toukokämmekkäryhmä («kongsmarihandgruppa»).[11] I Baltikum og Benelux blir òg underartane rekna som separate artar.

I Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean (2019) har ein definert heile 17 underartar i Europa, mellom dei alle dei før nemnde,[12] og med eit par små avvik er dei same underartane nemnde i Plants of the World Online og i WFO – The World Flora Online.[13][14]

I ei særleg uklar stilling står stormarihand, som er rekna som arten D. praetermissa i den norske Artsdatabanken,[15] i Storbritannia[10] og i Benelux. I Plants of the World Online og i WFO – The World Flora Online er han handsama som underarten D. majalis ssp. praetermissa,[16][17] men elles rekna inn i D. majalis ssp. integrata som til dømes i Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean.[12]

Artsnamn knytte til majalis-gruppa i Nord-Europa

[endre | endre wikiteksten]

Ei lang rekkje namn har vore foreslått for svært mange av taksona i denne gruppa, og mange av plantane har vore gitt status som art.[12] Dei fleste av desse artsnamna er no rekna som ugyldige, men somme av dei er framleis i bruk i nasjonal terminologi. Mellom artsnamn som er eller har vore i bruk i Nord-Europa finn vi:

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar kongsmarihand». Artsdatabanken. Henta 19. oktober 2022. 
  2. «Raudlista: Dactylorhiza majalis». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 23. februar 2022. 
  3. 3,0 3,1 «Artsdatabanken: Namnetre kongsmarihand». Artsdatabanken. Henta 19. oktober 2022. 
  4. Mikael Hedrén mfl. (2012). «Systematisk position av några norska Dactylorhiza-former» (PDF). Blyttia 70 (3): 139–155. ISSN 0006-5269. 
  5. Maria Kristine Brandrud mfl. (2020). «Phylogenetic Relationships of Diploids and the Origins of Allotetraploids in Dactylorhiza (Orchidaceae)» (PDF). Systematic Biology 69 (1): 91–109. ISSN 1063-5157. doi:10.1093/sysbio/syz035. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 «Artfakta: Dubbelnycklar Dactylorhiza majalis». Artdatabanken. Henta 23. februar 2022. 
  7. 7,0 7,1 7,2 «Naturbasen: Mai-Gøgeurt Dactylorhiza majalis». Naturbasen. Henta 23. februar 2022. 
  8. «LAJI: Dactylorhiza baltica». LAJI.FI. Henta 23. februar 2022. 
  9. 9,0 9,1 «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  10. 10,0 10,1 «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  11. «LAJI: Dactylorhiza majalis-ryhmä». LAJI.FI. Henta 23. februar 2022. 
  12. 12,0 12,1 12,2 Rolf Kühn, Henrik Æ. Pedersen, Philip Cribb (2019). Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean. London: Kew Publishing. ISBN 978-1-84246-669-8. 
  13. «Dactylorhiza majalis». Plants of the World Online. Henta 3. september 2022. 
  14. «Dactylorhiza majalis (Rchb.) P.F.Hunt & Summerh.», World Flora Online, henta 3. september 2023 
  15. «Artsdatabanken: Artsopplysningar Dactylorhiza praetermissa». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022. 
  16. «Dactylorhiza majalis subsp. praetermissa». Plants of the World Online. Henta 14. mars 2022. 
  17. «Dactylorhiza majalis subsp. praetermissa», World Flora Online, henta 19. februar 2023 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]