Konkubinatparagrafen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Konkubinatparagrafen er det folkelege namnet på den paragrafen i kriminalloven av 1842 og seinare straffeloven av 1902, som forbaud sambuarskap mellom to ugifte personar av motsett kjønn.

Kriminalloven av 1842, kapittel 18, § 22:

«Leve ugifte Personer sammen som de være Ægtefolk, straffes de med Bøder eller Fængsel.»

Straffelova av 1902, § 379:

«Den, som trods Paatalemyndighedens Advarsel, fortsætter et offentlig Forargelse vækkende samliv i utugtig Omgjængelse med en Person af det andet Kjøn, straffes med Bøder eller Fængsel i indtil 3 Maaneder.»

I 1954 kom det framlegg om at paragrafen skulle opphevast saman med straffeloven § 213, men forslaget vart forkasta av Stortinget med stort fleirtal. Den vart først oppheva ved lov av 21. april 1972, som vart sett i kraft straks.