Konotop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 51°13′N 33°12′E
Konotop
Конотоп
by
none  Kyrkje i Konotop
Kyrkje i Konotop
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
høgd 171 moh
koordinatar 51°13′N 33°12′E
Areal 103 km²
Folketal 92 687 (2014)
Tettleik 900 / km²
Grunnlagd 1635
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: http://www.konotop-rada.gov.ua/

Konotop (ukrainsk Конотоп ) er ein by nord i Ukraina i Sumy oblast. Konotop er senteret i Konotop rajon (distrikt) og ligg kring 129 km frå Sumy.

Konotop flybase ligg ved byen. Konotop er ei dag eit viktig senter for maskinbygging, samt eit trafikknutepunkt. Byen har trikk og er den minste byen i landet med eige trikkesystem.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På byrjinga av 1600-talet var ukrainske kosakkar dei første som slo seg ned i området. Busetnaden vart først nemnd i 1635 i forskjellige dokument som Novoselitsa. I 1642 vart det bygd ei polsk festning på staden kalla opp etter elva Konotopka. Truleg forsvann elva og ei anna festning, Jezutsj, vart bygd. Festninga vart viktig i kampane mot storfyrstedømet Moskva. Somme historikarar meiner at Konotop var busett sjølv før den tatar-mongolske invasjonen. Ei segn seier at mange av hestane og soldatane til eit tatarisk kavaleri drukna i myrområde kring byen og at det er derfor området har namnet Konotop, der kon tyder hingst og topat tyder å drukne.

I 1659 fann slaget ved Konotop stad nær byen, der polakkar krimtatarar og ukrainske kosakkar leia av Ivan Vyhovsky slo ein russisk-ukrainsk styrke. I 1782 fekk Konotop bystatus.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Konotop