Konrad Hauge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konrad Hauge


Konrad Hauge til høyre sammen med Melvin Carson, Olav Stenseth og Per Mjåtvedt fra Idrettslaget Norrøna i 1928

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. august 1903
Død

18. mars 1990 (86 år)

Konrad Flørenæs Hauge (24. august 190318. mars 1990) var ein norsk friidrettsutøvar og politimann frå Eide i Aust-Agder, son til ein gardbrukar og snikkar. Han tevla i hekkeløp og sprintøvingane. Hauge, som etter tur tevla for idrettslaga Lillesand Idrettslag, Norrøna IL, Torodd IF og Oslo Politis IL, vann i alt 14 gullmedaljar i norske meisterskap i tida 1927-37, åtte på langhekken og seks på korthekken.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hauge var i ein tiårsperiode frå 1927 den dominerande utøvaren i hekkeøvingane i Noreg, einast Holger Albrechtsen var i stand til å tukte han på særleg 110 m hekk, men òg på langhekken.

Med unnatak for 1928, då han ikkje deltok, vart Hauge i åra 1927-33 dobbeltmeister i NM på 110 meter hekk og 400 meter hekk. Både i 1931 og 1932 vart han tildelt kongepokalen for sine NM-prestasjonar, i 1931 fekk han elles i tillegg to bronsemedaljar på 200 og 400 m.

Under NM 1932 forbetra han den norske rekorden på 110 m hekk for tredje og siste gong, til 14,8 sekundar, hans raskaste løp på distansen nokon gong. Hauge sette ikkje mindre enn åtte norske rekordar på 400 m hekk, sist til si beste tid på 54,5 sekundar, oppnådd under NM i friidrett 1933.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1927: Gullmedaljar på 110 m hekk - 15,8 og på 400 m hekk - 57,7
  • 1929: Gullmedaljar på 110 m hekk - 15,0 og på 400 m hekk - 57,0
  • 1930: Gullmedaljar på 110 m hekk - 15,2 og på 400 m hekk - 55,3
  • 1931: Gullmedaljar på 110 m hekk - 15,2 og på 400 m hekk - 54,8, samt bronsemedaljar på 200 m - 23,0 og 400 m - 50,0
  • 1932: Gullmedaljar på 110 m hekk - 14,8 og på 400 m hekk - 54,7
  • 1933: Gullmedaljar på 110 m hekk - 15,1 og på 400 m hekk - 54,5
  • 1934: Bronsemedalje på 400 m hekk - 55,2
  • 1935: Sølvmedalje på 400 m hekk - 55,6
  • 1936: Gullmedalje på 400 m hekk - 55,9
  • 1937: Gullmedalje på 400 m hekk - 56,3 og sølvmedalje på 110 m hekk - 15,4

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Magnus Breili: Sport i navn & tall. 1971
  • friidrett.no