Konsensusmodellen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Konsensusmodellen, også kalla konsosiert demokrati, er ein demokratimodell utvikla av Arend Lijphart. Den oppgir styresettet i statar med sterke kulturelle konfliktar i landet. Dette kan vere manifeste skiljelinjer basert på t.d. språk, religion, nasjonalitet eller etnisitet, i motsetning til dei meir moderate manifeste skiljelinjene i Westminsterland, som stort sett går på tradisjonell sosioøkonomisk politikk. Eksempel på statar som ligg tett opptil konsensusmodellen er til dømes Sveits, Libanon og Belgia.

Hovudtanken bak konsensusdemokratiet går ut på at «flere enn et snaut flertall i befolkningen skal danne basis for samfunnets styringssystemer».[1] Det skal vere eit institusjonelt hjelpemiddel for å framheve kompromiss som politikk mellom konfliktpartane, sidan ein av partane aldri vil vere nøgde med at den andre styrar .

Ideallandet[endre | endre wikiteksten]

Statsvitaren Arend Lijphart førte nokre punkt for korleis eit idealland i konsensusmodellen skal vere:[2]

  • Proporsjonal representasjon
    • Prosentantal veljarar og prosentantal medlemer i lovgivande forsamling tilsvarar kvarandre. Det vil vere koalisjonar som delar makta mellom fleire parti i alle folkevalde forsamlingar.
  • Utøvande og lovgivande makt vil også ha eit balansert forhold mellom kvarandre, og ikkje ha same partifordeling eller partifleirtal.
  • Den lovgivande forsamlinga vil ha symmetriske tokammersystem
    • Dei to er like sterke, men blir valt på forskjellige måtar.
  • PR-valordninga fører til fleirpartisystem som også slepp til mindre parti i lovgivande forsamling.
    • Kan vere avgrensa av ei sperrelinje for å sperre ute dei aller mest obskure partia.
  • Grunnlover som berre kan forandrast ved ekstraordinert fleirtal, til dømes ved to tredelar eller meir.
    • Lovar må til sist sjåast gjennom av høgste dømmande forsamling. Dersom dei er grunnlovsstridige, blir det nedlagt veto mot dei.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Øyvind Østerud, red. (2007). Statsvitenskaplig Leksikon. Oslo: Universitetsforlaget. 
  2. Lijphart, Arend (1999). Patterns of Democracy: Government Forms and Performance in Thirty-Six Countries (2. utg.). Yale: Yale University Press. ISBN 0-300-07893-5.