Konsonantklynge
Utsjånad
Konsonantgruppe, konsonantklynge eller konsonantkluster oppstår når fleire konsonantlydar avløysar kvarandre i eit ord, utan ein mellomliggande vokallyd. Omgrepet gjeld språklydar, ikkje stavingar. I ordet «skrømt» finn ein til dømes to konsonantklynger, s+k+r og m+t, i ei staving. Det finst språk som ikkje har konsonantklynger i det heile, til dømes hawaiisk, som i orda Honolulu, aloha, ukulele og wiki. I språk som serbisk finst ord som «srpski» (som tyder nettopp ‘serbisk’), med fem konsonantar i rad, men der er r-en stavingsdannande, det vil seia at det er kjernen i ei staving.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Konsonantkluster» frå Wikipedia på svensk, den 4. mai 2026.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Bannert, Robert (1990). På väg mot svenskt uttal. Lund: Studentlitteratur