Konstantin II av Romarriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Konstantin II
Campidoglio, Roma - Costantino II cesare dettaglio.jpg
Romersk keisar
Regjeringstid337-340
Fullt namnFlavius Claudius Constantinus Augustus
Føddfebruar 316 (juliansk)
FødestadArles
Dødapril 340
DødsstadAquileia
Dynastidet konstantinske dynastiet
FarKonstantin den store
MorFausta

Konstantin II (Flavius Claudius Constantinus Augustus[1]; fødd januar/februar 316, død 340) var romersk keisar frå 337 til 340. Han var son av Konstantin den store og var keisar, augustus, saman med brørne Konstans og Konstantius II. Forsøka hans på utvida landområda sine i samsvar med stillinga si som primogenitur (førstefødd) førte til at han blei overvunnen av yngstebroren, Konstans, og drepen etter ein mislukka invasjon av Italia i 340.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Solidus med Konstantin II.

Konstantin var den eldste sonen til Konstantin den store og den andre kona hans Fausta, og den eldste overlevande sonen etter at halvbroren hans Crispus var død i 326. Konstantin var oppkalla etter faren. Han blei fødd i Arelate (dagens franske by Arles) i sørlege Gallia i februar 316.[2] Han blei oppdregen som kristen. Han blei utnemnd til cæsar (kronprins) allereie den 1. mars 317. I 323, då han var sju år gammal, deltok han i faren sin krig mot sarmatarar.[3] Då han var ti år gammal blei han utnemnd til kommandant av Gallia etter at Crispus var død. Ein inskripsjon datert til 330 bruker tittelen Alamannicus, og det er difor sannsynleg at generalane hans, i hans namn, vann ein siger over alamannarane.[4] Den militære karrieren hans heldt fram då far hans utnemnd han til feltkommandant i løpet av den militære kampanjen mot gotarane i 332.[4][5]

Då Konstantin den store døydde i 337 utan å ha avgjort kven som skulle etterfølgja han byrja dei moglege arvingane å rydda kvarandre av vegen. Han hadde tre søner og ein nevø som alle hadde fått tittelen cæsar, ein tittel som vanlegvis viste til arvingen av trona.[6] Kvar av sønene og to av fetterane deira skulle få sin del av riket. Dalmatius fekk kontrollen over Trakia, Achaea og Makedonia, medan Hannibalianus, som var gift med syster deira Constantina, blei utskriven til å styra over Pontos, den nordlege delen av Anatolia.[7] Denne ordninga varte ikkje lenge etter at keisaren var død, og det blei utført mange drap i Konstantinopel. Då blodbadet stilna hadde dei tre sønene hans, den 21 år gamle Konstantin II, den 17 år gamle Konstantius II og den 14 år gamle Konstans, kome fram til ei form for forståing som etterlét dei levande. Av fetterane overlevde fem år gamle Julianus, som voks opp i ei festning i Anatolia og ikkje utgjorde nokon trussel.[6]

Brørne kom saman i Pannonia[4] og den 9. september 337[1] delte dei den romerske verda mellom seg i tre relative like delar, eller prefektur. Kvar av brørne blei erklært keisar, augustus. Konstantin II tok prefekturet Gallia (inkludert Den iberiske halvøya og romersk Britannia);[5] Konstans tok prefekturet Italia (inkludert Roma og Nord-Afrika); og Konstantius II tok Aust-prefekturet, skild ved Balkan, heile Trakia, Hellas, heile Anatolia, romersk Syria, Midtausten, romerske Egypt og Libya.[6]

Som keisar[endre | endre wikiteksten]

Den formelle fordelinga av Romarriket mellom sønene til Konstantin den store. Området i oransje til venstre var tildelt Konstantin II.

Konstantin II blei snart involvert i strida mellom dei kristne fraksjonane som hindra ei eining av den kristne kyrkja.[4] Den vestlege delen av riket, som var under innverknaden til biskopen i Roma (paven), favoriserte katolisismen over arianismen. På deira oppfordring blei Konstantin overtalt til å setja Athanasius fri frå Trier. Han var ein uforsonleg motstandar av Arius og arianismen, og blei gjeninnsett som patriark (biskop) av Alexandria.[8] Denne handlinga opprørte bror hans Konstantius II, som var ein ihuga tilhengjar av arianismen.[5]

Konstantin var opphavleg verje for den yngste broren sin Konstans, men han byrja snart å klaga på at han ikkje hadde motteke den delen land som burde ha tilkome han som eldste son. Han var irritert over at Konstans hadde motteke Trakia og Makedonia etter at Dalmatius blei drepen av sin eigne soldatar i 337.[9] Han kravde difor at Konstans overlét dei afrikanske provinsanesine til han, nokon Konstans motvillig gjekk med på for å halda på den skrøpelege freden.[10] Kort tid etter byrja dei å krangla over kva for delar av dei afrikanske provinsane som tilhøyrde Kartago, og såleis til Konstantin, og kva for nokre som tilhøyrde Italia og difor til Konstans.[11]

Det oppstod ytterlegare komplikasjonar då Konstans blei myndig og Konstantin, som var van med å dominera den yngre broren, ikkje ville gje slepp på stillinga som verje. I 340 marsjerte han inn i Italia med ein hær.[10] Konstans, som på denne tida var i Dacia, sende av stad ei sterk og disiplinert hæravdeling av dei illyriske troppane sie og hevda at han ville følgja etter i eigen posisjon saman med resten av hæren. Konstantin marsjerte inn i eit bakhald utanfor Aquileia og blei sjølv drepen i kampane. Konstans tok deretter kontroll over riket til den avdøde broren.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Jones (1971), s. 223
  2. Victor, 41:4
  3. Victor, 41:6
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 DiMaio: Constantine II (337–340 A.D.)
  5. 5,0 5,1 5,2 Canduci (2010), s. 129
  6. 6,0 6,1 6,2 Bauer, Susan Wise (2010): The History of The Medieval World. From The Conversion of Constantine to The First Crusade, New York/London: W. W. Norton, s. 31-33
  7. Victor, 41:20
  8. Jones, A. H. M. (1986): The Later Roman Empire, Baltimore, s. 114
  9. Potter, David (2008): Emperors of Rome: Imperial Rome from Julius Caesar to the last emperor. London: Quercus, ISBN 9781847245526, s. 195
  10. 10,0 10,1 10,2 Victor, 41:21
  11. Zosimus, 2:41–42

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Primære kjelder
Sekundærkjelder
  • DiMaio, Michael, & Frakes, Robert (1998): «Constantine II (337–340 A.D.)» i: De Imperatoribus Romanis
  • Jones, A.H.M.; Martindale, J.R. (1971): The Prosopography of the Later Roman Empire, Vol. I: AD260-395, Cambridge University Press
  • Canduci, Alexander (2010): Triumph & Tragedy: The Rise and Fall of Rome's Immortal Emperors, Pier 9, ISBN 978-1-74196-598-8
  • Gibbon, Edward (1776–89): The History of the Decline and Fall of the Roman Empire