Konstantinopel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Konstantinopel i 1453
Kart over Konstantinopel

Konstantinopel var, frå 330 til 1930 namnet på byen som i dag vert kalla Istanbul i Tyrkia. Før dette heitte byen Bysants eller Bysantium. Namnet har han etter keisar Konstantin I av Romarriket, som flytta hovudstaden i Romarriket hit.

Etter delinga av Romarriket var Konstantinopel hovudstad i austromarriket, eller det bysantinske riket. Mellom grekarane vart byen berre kalla «i Poli» 'Byen', sentrum i den greske verda og lenge den største byen i Europa. Blant nordbuarar var byen kjent som Miklagard.

Konstantinopel vart hærteke av det 4. krosstoget i 1204 og erobra av dei osmanske tyrkarane i 1453.