Konstantinos Kenteris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Konstantios Kenteris (fødd Κωνσταντίνος Κεντέρης11. juli 1973) er ein gresk tidlegare friidrettsutøvar frå Mytilíni. Sesongane 2000-02 vart han høvesvis olympisk meister, verdsmeister og europameister på 200 meter. I 2004 vart han utestengd for brot på dopingreglementet.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kenteris var ein av dei store sensasjonane under OL 2000 i Sydney. Han hadde ingenting spesielt å vise til før meisterskapen. Med eit framifrå 200 meter-løp og ein sterk finish vann han OL-gull på tida 20,09, briten Darren Campbell tok sølv på 20,14 sekundar medan Ato Boldon frå Trinidad og Tobago fekk bronsen på 20,20.

Kenteris viste seg på ny som verdas beste 200-meterløpar ved å vinne VM 2001 i Edmonton på tida 20,04, med Christopher Williams frå Jamaica på sølvplass og Shawn Crawford og Kim Collins på delt bronseplass. Under EM 2002 i München vann Kenteris ein overlegen siger. Vinnartida på 19,85 sekundar var meisterskapsrekord og den aller beste tida av ein europear på ei låglandsbane.

Til Sommar-OL 2004 i Aten var Kenteris eit av arrangørlandet sine største gullhåp. Kenteris og sprintkollega Ekaterini Thanou møtte ikkje til dopingkontroll etter det som vart sagt å vere ei motorsykkelulykke. Bileta av Kenteris på sjukehuset førte til mistanke om at ulykka var ein bløff, målet var å unngå dopingkontrollen. Fjernsynsbileta viste ein sengeliggande Kenteris med løpsskoa på, eit høgst uvanleg syn for pasientar på sjukehus. Kenteris og Thanou fekk ikkje delta i Aten-OL. Han vart seinare utestengd for brot på dopingreglane, og kom aldri tilbake på friidrettsbanen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1999 i Sevilla: Utslått i kvartfinalane på 200 m
  • OL 2000 i Sydney: Gullmedalje på 200 m – 20,09, framom Darren Campbell (20,14)
  • VM 2001 i Edmonton: Gullmedalje på 200 m – 20,04, framom Christopher Williams (20,20)
  • EM 2002 i München: Gullmedalje på 200 m – 19,85, framom Francis Obikwelu (20,21)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]