Konstantius II av Romarriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Konstantius II)
Konstantius II av Romarriket

Fødd7. august 317
FødestadSirmium
Død3. november 361
DødsstadKilikia
Gift medFaustina, dotter av Julius Constantius, Eusebia
Dynastidet konstantinske dynastiet
FarKonstantin den store
MorFausta
BornFlavia Maxima Constantia

Konstantius II (7. august 3173. november 361) var romersk keisar frå 337 til 361. Han var den andre sonen til Konstantin den store og den andre kona hans, Fausta. Då faren døydde delte Konstantius Romarriket saman med dei to brørne sine, Konstantin II og Konstans. Konstantius fekk den austlege delen der han tidlegare hadde styrt som cæsar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Konstantius II var fødd i Syrmium i Illyricum.

Mykje av Konstantin si regjeringstid var prega av konflikt med Persia under kong Sjahpur II. Konstantin den store hadde i dei siste åra av livet sitt planlagt eit større felttog i Mesopotamia, men Konstantius, som hadde mykje knappare ressursar på grunn av tredelinga av riket, avlyste dette.

I staden valde han å kjempa ein forholdsvis defensiv krig, med hovudvekt på å halda ein serie viktige festningsbyar i grenseområdet. Dette var rimeleg vellukka. Eit slag utanfor byen Singara i 344 enda uavgjort, men persarane trekte seg likevel attende. Persarane kringsette òg Nisibis tre gonger utan hell. Eit problem med denne strategien var at initiativet blei overlate til persarane og det var vanskeleg å hindra persiske plyndringstokt.

I mellomtida hadde Konstantin II falle i eit slag mot Konstans i 340 . Etter dette styrte Konstans åleine i vest til 350, då han blei styrta av generalen Magnentius. På grunn av krigen mot Persia hadde Konstantius halde seg passiv i desse stridane, men i 351 måtte Sjahpur II ta seg av ein invasjon i den vestlege delen av riket, slik at Konstantius fekk høve til å marsjera vestover etter å ha utpeikt nevøen sin Gallus til cæsar i aust. Magnentius blei først nedkjempa i det svært blodige slaget ved Mursa og så i slaget ved Mons Seleuci i 353.

Etter dette tok Magnentius livet sitt, men det dukka snart opp nye indre problem. Gallus tok til å oppføra seg urovekkande sjølvstendig, og blei avsett og avretta i 354. Konstantius peika ut broren hans, Julian, til cæsar med ansvar for forsvaret av Rhinen mot germanarane.

Etter å ha vitja Roma for første og siste gong i 357, vende Konstantius tilbake til den austlege delen av riket. Her hadde krigen mot Persia eskalert igjen og Sjahpur erobra den viktige byane Amida i 359. Neste år fall to byar til, Singara og Bezabde. Konstantius gav Julian ordre om å senda forsterkinger austover. Julian nekta og utropte seg sjølv til augustus. Konstantius heldt seg først avventende, men då den venta invasjonen frå Sjahpur våren 361 ikkje kom, valde Konstantius å marsjera vestover for å konfrontera nevøen. Men undervegs blei Konstantius sjuk. Han døydde 3. november ved Mopsucrenae i Kilikia. På dødsleiet utpeikte han Julian som etterfølgjar.

Ei hovudinteresse for Konstantius var dei teologiske kontroversane i samtida. Han støtta ivrig opp om arianarane, men lukkast aldri i å føra dei til nokon permanent siger i kristenverda. Sjølv lét han seg døypa først på dødsleiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Pedro Barceló: Constantius II. und seine Zeit. Die Anfänge des Staatskirchentums. Klett-Cotta, Stuttgart 2004, ISBN 3-608-94046-4
  • Roger C. Blockley: Ammianus Marcellinus on the Persian Invasion of A. D. 359. In: Phoenix 42 (1988), s. 244–260.
  • Steffen Diefenbach: Constantius II. und die „Reichskirche“ – ein Beitrag zum Verhältnis von kaiserlicher Kirchenpolitik und politischer Integration im 4. Jh. In: Millennium 9, 2012, s. 59–121.
  • Richard Klein: Constantius II. und die christliche Kirche (Impulse der Forschung 26). Wissenschaftliche Buchgesellschaft, Darmstadt 1977, ISBN 3-534-07542-0
  • Hartmut Leppin: Constantius II. und das Heidentum. I: Athenaeum 87 (1999), s. 457–480.
  • Jacques Moreau: Constantius II. I: Jahrbuch für Antike und Christentum. Bd. 2 (1959), s. 162–179 Karin Mosig-Walburg: Zur Schlacht bei Singara. In: Historia 48 (1999), s. 330–384.
  • David S. Potter: The Roman Empire at Bay. 180–395. Routledge, London/New York 2004.
  • Klaus Rosen: Julian. Kaiser, Gott und Christenhasser. Klett-Cotta, Stuttgart 2006, ISBN 3-608-94296-3
  • Ernst Stein: Geschichte des spätrömischen Reiches. Bd. 1, Wien 1928
  • Michael Whitby: Images of Constantius. I: Jan W. Drijvers u.a. (Hrsg.): The late Roman world and its historian. Interpreting Ammianus Marcellinus. Routledge, London 1999, s. 77–88, ISBN 0-415-20271-X