Konstuniversitetet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konstuniversitetet

Grunnlagt1. januar 2013
StadHelsingfors
Studentar1 935 (2020)
MedlemskapORCID
Nettstadhttp://www.uniarts.fi


Konstuniversitetet (finsk Taideyliopisto) er eit universitet i Helsinki i Finland innanfor feltet kunst, musikk og drama/teater. Universitetet vart skipa i 2013 ved at Sibeliusakademin, Bildkonstakademin (Biletkunstakademiet) og Teaterhögskolan (Teaterhøgskulen) vart slege saman.

Skipinga av eit Konstuniversitet hadde vore diskutert lenge. Allereie på 1980-talet hadde det såkalla Böle-projektet som mål å få samla Sibelius-Akademin, Konstindustriella högskolan og Teaterhögskolan på same tomt, og diskusjonen om ei samanslåing av kunstutdanninga held òg fram nesten heile 2000-talet. I 2010 skipa Undervisnings- och kulturministeriet («Undervisnings- og kulturdepartementet») ei utgreiingsgruppe for Konstuniversitetet med det føremålet å styrke og fremje kvaliteten, gjennomslagskrafta og den internasjonale konkurransekrafta i finsk kunst og kultur. I november 2011 godkjende styra i Bildkonstakademin, Sibelius-Akademin og Teaterhögskolan samanslåinga.

Soga til dei tre institusjonane som vart Konstuniversitetet[endre | endre wikiteksten]

  • Bildkonstakademin hadde sin tidlegast forgjengar i Finska Konstförenings ritskola («Den finske kunstforeningas teikneskule»), som tok til med si verksemd i 1848. Dei fyrste av dei nasjonalt og internasjonalt viktige finske kunstnarane, frå Albert Edelfelt og Axel Gallén til Helene Schjerfbeck og Ellen Thesleff, har vore studentar ved Konstföreningens ritskola. Frå 1939 vart namnet Finlands konstakademis skola, driven av stiftinga Finlands konstakademi. Skulen vart statleg i 1985 og vekk då namnet Bildkonstakademin. I 1993 vart Bildkonstakademin høgskule, og i 1998 universitet.
  • Sibelius-Akademin vart skipa på privat initiativ i 1882 under namnet Helsingfors Musikinstitut. Ein av elevane var Jean Sibelius, som seinare skulle verte ein slags gallionsfigur for instituttet, som med tida fekk namn etter han. I 1924 endra instituttet namn til Helsingfors konservatorium i samband med at verksemda vart utvida, og i 1939 var tida kome då namnet Sibelius-Akademin vart teke i bruk. Sibelius-Akademin vart ein statleg institusjon i 1980, og universitet i 1998.
  • Teaterhögskolan har røter attende til Finlands fyrste teaterskola i åra 1866–1868 på Nya Teatern. I 1908 vart Svenska Teaterskolan skipa på Svenska Teatern. Finskspråklege skodespelarar vart i åra 1904–1940 utdanna på elevskulen hjå Finlands Nationalteater og på det private instituttet Suomen Näyttämöopisto. I 1943 vart Finlands Teaterskola opna. Teaterhögskolan vart skipa i 1979 ved at den finskspråklege og den svenskspråklege teaterskulen vart slege saman til ein statlig, tospråkleg teaterhøgskule.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Konstuniversitetet