Forbrukarsamfunn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Konsumerisme)
Frå ein hypermarknad på Filippinane.

Forbrukersamfunn er eit uttrykk som oftast vert nytta for å skildra samspelet mellom einskildindivid (forbrukar) og samfunn i ein vekstøkonomi. Uttrykket vert både nytta i positiv og negativ tyding.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Innan mikroøkonomi vert omgrepet vanlegvis nytta for å skildra fremjing av interessene til forbrukaren. Samfunnet er avhengig av forbruk, og med grunnlag i denne avhengnaden til den enkelte forbrukaren tilskrive påverknadskrafta, og i nokre tilfelle rettar. Grunnleggjande refererer dette til teorien om at forbrukaren sitt val avgjer den økonomiske strukturen til samfunnet.
Makroøkonomisk vert omgrepet normalt nytta som ein referanse til tesen om at auka forbruk er økonomisk og samfunnsmessig ønskeleg.

Kritisk teori[endre | endre wikiteksten]

Innan kritisk teori vert omgrepet ofte nytta for å skildra eit samfunn der materielt forbruk har teke over for andre verdiar som sentralt lukkeberande element. Dette verdiskiftet vert skildra som øydeleggjande både for einskildindividet og for samfunnet i sin heilskap, både på eit psykisk og fysisk plan. Noko av denne kritikken kan sjåast igjen i framvoksteren av rørsler som Simple living og Buy nothing day.

Miljøvern[endre | endre wikiteksten]

Miljørørsla har alltid stått for ein skarp kritikk av forbrukarsamfunnet, og med Brundtlandkommisjonen sin introduksjon av omgrepet berekraftig utvikling i 1987 fekk synspunkta til miljøvernsrørslene òg meir gehør innan økonomisk planlegging.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Industry». UN Department for Economic and social issues, Division for Sustainable Development (DSD). Henta 29. mai 2009.