Konsumprisindeks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Konsumprisindeksen)

Konsumprisindeksen (eller forkorta KPI) er eit mål for prisnivået til konsumprodukt. Den prosentvise endringa i KPI vert ofte brukt som eit generelt mål for inflasjonen i ein økonomi.

KPI vert mellom anna brukt:

  • I lønnsforhandlingar, der endringa i KPI gir peikepinn på den prisveksten som lønnsmottakarane står overfor.
  • Justering av private leigekontraktar, til dømes husleigekontrakter, og avtalar i næringslivet.
  • Deflator i nasjonalrekneskapen for å rekne om verdital (nominelle verdiar) til tal i faste priser, det vil seie prisane på eit gitt tidspunkt eller ein gitt periode.
  • Noregs Bank nyttar den prosentvise endringa i KPI justert for avgiftsendringar og energivarer (KPI-JAE) som mål på inflasjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]