Kontinentalstiging

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kontinentalstiging (Continental rise på ei skjematisk framstilling ██ Sediment ██ Berglag ██ Mantel
Skjematisk framstilling av havbotnen

Kontinentalstiging er eit havbotnområde som ligg mellom kontinentalskråningar og djuphavssletter. Kontinentalstigingsområdet har ei slak stiging.[1] Kontinentalstiginga kan også reknast som del av djuphavsslettene.[2]

Ein finn kontinentalstigingsområde over heile verda. Dette er den siste delen av grensa mellom kontinenta og den djupaste delen av havet. Miljøet i kontinentalstiginsområdet er unikt, og blir grundig studert av oseanografar i håp om å finna ut meir om havet og geologisk historie.[treng kjelde]

I kontinentalstigingsområda kan ein finna undervasshøgder danna av store mengder oppsamla sediment.[3] Sedimenta er typisk sand og bitar av korall og stein.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bryhni, Inge (28. september 2014). «kontinentalstigning». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. «Landskap», www.ngu.no, henta 6. mai 2019 
  3. Burk, C.A.; Drake, C.L. The Geology of Continental Margins. Springer. s. 18.