Kontinuerleg spekter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lysspektrum emittert frå ei deuteriumlampe, som syner diskrete delar (høge, spissar) og ein kontinuerleg del.

Eit kontinuerleg spekter syner vanlegvis til ei mengd verdiar av ein fysisk storleik (som energi eller bølgjelengd) som best vert skildra som intervall av reelle tal. Det står i motsetnad til diskret spekter, som er ei mengd verdiar som er diskrete i matematisk tyding, der det er eit positivt gap mellom ein verdi og den neste.

Eit klassisk døme på eit kontinuerleg spekter er den delen av spekteret til lys strålt ut av eksiterte atom i hydrogen. Desse er glatt spreidd utover mange bølgjelengder, i motsetnad til diskrete linjer som kjem av elektron som fell frå ein kvantetilstand til eit lågare energinivå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]