Kontraspionasje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kontraspionasje er ein del av det alminnelege politi- og tryggingsapparatet, som tek sikte på å avdekkja, motverke og eliminere spionasje i eige land.[1] Namnet kjem av «kontra-», 'imot' og «spionasje». I Noreg har Politiets sikkerhetstjeneste ansvaret for å drive kontraetterretning.

Skilnaden mellom etterretning og spionasje er at det fyrste er lovleg, men ofte uønskt verksemd medan det andre (spionasje) vil seie å skaffe seg hemmeleg informasjon frå konkurrentar eller fiendar på ulovleg vis. Det er i mange land vanleg at både politiet og militæret driv kontraetterretning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]