Kontsjeto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kontsjeto
fjell
none  Kontsjeto sett frå søraust med toppane Kutelo og Vihren
Kontsjeto sett frå søraust med toppane Kutelo og Vihren
Land Flag of Bulgaria.svg Bulgaria
Fjellkjede Pirin
Høgd 2 780 moh
Koordinatar 41.782152° N 23.393113° E

Kontsjeto (Hesten) er ein fjellrygg i Pirinfjella i Bulgaria med ei høgd på om lag 2 780 meter, mellom toppane Bansko Suhodol (2 884 m) og Kutelo (2 908 m). Begge sidene av ryggen er bratte, og den nordaustlege sida er ein 300 meter høg nesten vertikal fjellvegg, medan den sørvestlege sida ikkje er så bratt (nærare 30 grader), men høgare (800 meter). Det er strekt ein stålkabel mellom dei to toppane for å hjelpe fotturistar over, men det er ikkje tilråda for personar med høgdeskrekk.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.