Konvolutt
Utsjånad


Brevvær, konvolutt eller kuvert er eit omslag, vanlegvis av flatt materiale som papir eller papp, som blir brukt til å ha brev, kort eller gåver i. Papiret er bretta og limt i sidene. Ein kan også lukka konvolutten ved hjelp av lim eller eit segl.
Den første kommersielle konvolutten blei laga i 1876 av William Irwin Martin. I dag kan ein kjøpa konvoluttar på postkontor, i bokhandlar og i mange daglegvarebutikkar.
Internasjonale standardiserte storleikar
[endre | endre wikiteksten]ISO 269 definerer ulike standard konvoluttstorleikar for bruk med ISO 216 standard papirformat.
| Format | Storleik (mm) | Berekna for papirformat |
|---|---|---|
| DL | 110 × 220 | 1/3 A4 |
| C7/C6 | 81 x 162 | 1/3 A5 |
| C6 | 114 × 162 | A6 (eller A4 bretta i halvt to gonger) |
| C6/C5 | 114 × 229 | 1/3 A4 |
| C5 | 162 × 229 | A5 (eller A4 bretta i halvt ein gong) |
| C4 | 229 × 324 | A4 |
| C3 | 324 × 458 | A3 |
| B6 | 125 × 176 | C6 |
| B5 | 176 × 250 | C5 |
| B4 | 250 × 353 | C4 |
| E3 | 280 × 400 | B4 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Konvolutt» frå Wikipedia på bokmål, den 6. desember 2020.