Kopaídasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa til Kopaídasjøen i antikken.

Kopaídasjøen (gresk Κωπαΐδα), eldre form Kopaís (antikk gresk Κωπαΐς) eller Copais, var ein innsjø sentralt i Viotía i Hellas, vest for Thíva, fram til seint på 1800-talet. Området der innsjøen låg, som i dag er ei slette, vert framleis kalla Kopaída.

Drenering[endre | endre wikiteksten]

Medan innsjøen framleis eksisterte låg byane Aliártos (antikt Haliartus), Orkhomenós og Kherónia langs breidda. Elva Kifisós rann ut i innsjøen, og etter det Strabo skriv òg ei elv som vart kalla Termissós. Innsjøen var omringa av frodige landområde, men trengde seg inn over dei omliggande områda på grunn av dårleg drenering. Som følgje av dette vann skotske og franske ingeniørar i 1867-1887 tilbake landområda for det britiske selskapet Lake Copais Ltd., ved å byggje kanalar til å drenere bort vatn frå innsjøen til Kifisós og derfrå til Ylíkisjøen (i antikken Hylice). Totalt vart om lag 200 km² med landområde vunne tilbake. Dette området vart gjeve tilbake til Hellas i 1952.[1]

Før dette rann vatnet i innsjøen ut i havet via fleire underjordiske kanalar. Somme av desse kanalane var kunstige, skriv den antikke geografen Strabo.[2] Moderne utgravingar har oppdaga enorme kanalar danna på 1300-talet fvt., som drenerte vatn ut i sjøen i nordaust. Strabo nemner at mellom anna ingeniøren Krates frå Khalkída gjorde arbeid her under tida til Aleksander den store.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. "Mycenaean Gla"
  2. Strabo 9.2.18.