Koparand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koparand

Status i verda: EN Sterkt truga

Koparand, hannfugl Foto: Duncan Wright
Koparand, hannfugl
Foto: Duncan Wright
Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Anseriformes
Familie: Anatidae
Slekt: Anas
Art: A. chlorotis
Vitskapleg namn
Anas chlorotis

Koparand (Anas chlorotis) er ei grasand i Anas-slekta som lever på nokre få og små lokalitetar på New Zealand. Artsnamnet på maori er Pāteke. Tidlegare var bronseand, Anas aucklandica, og campbelland, Anas nesiotis, rekna som konspesifikke med koparand. Bronseand som lever på Aucklandøyane og campbelland på Campbelløyane, er begge utan flygeevne.

Koparanda er i gjennomsnitt ca. 48 centimeter i kroppslengd og veg ca. 500-600 gram. Hofuglen er koparbrun, hannfuglen i praktdrakt har grønglansa hovud, ein uklår, smal kvit ring rundt halsen og er noko mørkare på ryggen enn på kroppssidene. Begge har kvit augering og viser eit grønt vengespegl, speculum i flukt.

Koparanda har habitat i estuar, lagunar og bekkar som påverkast av tidevatn, og i anna sumpar og våte område. Ho beitar i skumring og nattemørke på marine virveldyr og andre virveldyr i vatn.

Hekking førekjem på fastlandet så vel som på øyar i Fiordland, på austkysten av Northland, spesielt på Great Barrier Island. Dei legg oftast egg i perioden juni til oktober, kvart kull er typisk 5 egg. Den lengst kjente levetida for ei koparand er over seks år.

Storleiken på populasjonen har gått mykje tilbake, tidlegare var dei vanlege i våte område over heile landet. Nedgangen skjedde truleg på grunn av drenering av våtmark og av innførsel av hundar og kattar. Grunna vernetiltak er trenden snudd. Populasjonen er no estimert til 1900 individ (2012) og er aukande.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International (2012) Species factsheet: Anas chlorotis. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. juli 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Koparand