Koparslagarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koparslagarar
Raudpannekoparslagar, P. pusillus, Foto: Alan Manson
Raudpannekoparslagar, P. pusillus,
Foto: Alan Manson
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Spettefuglar Piciformes
Familie: Lybiidae
Slekt: Koparslagarar Pogoniulus
Lafresnaye, 1842

Koparslagarar (Pogoniulus) er ei biologisk slekt innanfor afrikaskjeggfuglfamilien. Artane i slekta høyrer heime i Afrika og nokre har store utbreiingsområde på kontinentet. Alle er klassifiserte som livskraftige av Verdas naturvernunion IUCN.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Koparslagarar er blant dei minste skjeggfuglane i ordenen spettefuglar. Dei har rund, kompakt kroppsform med stutte halar, venger og nebb. Fargetonane i fjørdrakta er mest rundt olivengrønt frå gult til gulbrunt, tre artar har mørk eller svart overside.

Storleiken på artane varierer, frå omtrent som for gjerdesmett, 9 cm - den nest minste arten av hekkeartane i Noreg, opp til omtrent storleiken på lauvmeis, 13 cm. Venglengder ligg på rundt fem centimeter, halen er sjeldan lengre enn tre centimeter. Nebba er kraftige, vanlegvis mellom 1 og 1,5 centimeter lange. Kjønna har liknande kroppsdimensjonar. Det er ingen merkbar kjønnsdimorfisme.

Sju av artane har kvite eller gule linjer i ansiktet. Fregnekoparslagar har ikkje ein iaugefallande farga overgump slik dei andre artane har, han manglar også markeringane i ansiktet akkurat som grønkoparslagar gjer.

Koparslagarar har leveområdet sitt frå savannar til regnskog i Afrika sør for Sahara. Gullpannekoparslagar har det nordlegaste utbreiingsområdet og finst mellom anna i det sørvestlege Mauritania, Tsjad, Sudan og Etiopia. Det sørlegaste distribusjonsområdet er det for raudpannekoparslagar, som finst så langt sør som til dei sørafrikanske provinsane Natal og Kapp-provinsen. Gulnakkekoparslagar, som finst i tre åtskilde regionar i Afrika, har eit av dei minste og påfallande fragmenterte utbreiingsområda. Han finst frå austlege Nigeria til sørvest og sentrale Kamerun. Den lever også i det nordaustlege Den demokratiske republikken Kongo og tilstøytande vestlege Rwanda og sørvest i Uganda, og dessutan i Môco-høglandet i det vestlege Angola. Øya Bioko i Guineabukta husar tre artar av koparslagarar. Gulgumpkoparslagar, som har eit veldig stort utbreiingsområde, finst også på Zanzibar.

Koparslagarar lever først og fremst av frukt og et også insekt. Nokre gonger fangar dei insekt i flukt. Dei er holromshekkarar som hakkar ut hola inn i daude tre eller greiner.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Koparslagarar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1. 2024,[1] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[2] Dei norske artsnamna i denne gruppa er skildrande for fjørdrakta.

12 cm, frå Sierra Leone til DR-Kongo, øya Bioko, gulbrun spraglete fjørdrakt
  • Grønkoparslagar, P. simplex, Green tinkerbird, (Fischer, GA & Reichenow, 1884), (LC)
9 cm, frå Kenya til Mosambik
9,5 cm, frå Kenya til Malawi, overgump i klår gul farge, kvit skjeggstripe
9-10 cm, tre distinkte leveområde: Nigeria-Kamerun, DR-Kongo-Uganda, Angola, gult vengband og gul krone
12-13, Sierra Leone til DR-Kongo, svart overside, sterk raud overgump.
9,5 cm, frå Sierra Leone i vest austover til DR-Kongo, Angola og Uganda, øya Bioko
10-12 cm, fragmentert utbreiing frå Senegal aust til Kenya og Tanzania, og sørover til austre Sør-Afrika
9,5-11,5 cm, Aust-Afrika frå Eritrea til Tanzania, austlege Sør-Afrika, slåande farger, gull-farga vengefjører, raud panne
10,5-12 cm, utbreiing i breitt belte over Afrika sør for Sahara og sørover til nordlege Sør-Afrika

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (januar 2024). «IOC World Bird List Version 14.1, Master lists». International Ornithologists' Union. Henta 27. mars 2024. 
  2. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 13. april 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]