Kopernikansk system

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den heliosentriske modellen frå Nikolaus Kopernikus sitt De revolutionibus orbium coelestium

Det kopernikanske system var eit verdsbilete framsett av Kopernikus i 1507 og publisert i 1543. Dette sette sola nær midten av universet, rørslelaus, medan jorda og dei andre planetane krinsa rundt ho i sirkelforma banar modifisert av episyklar og med jamn fart. Den kopernikanske modellen skil seg frå Det ptolemaiske systemet som var rådande i vestleg kultur i mange hundreår med jorda i sentrum av universet. Den kopernikanske modellen vert rekna som starten på moderne astronomi og den vitskaplege revolusjonen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kuhn 1985