Koppangen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koppangen
Land  Noreg
Kart
Koppangen
69°40′45″N 20°15′45″E / 69.67916667°N 20.2625°E / 69.67916667; 20.2625

Koppangen (nordsamisk Gohppi) er ei bygd i Lyngen kommune i Troms fylke. Ho ligg på vestsida av fjorden Lyngen og rundt 17 kilometer nord for kommunesenteret Lyngseidet, langs Fv311.

Bygda ligg utsett til for naturfenomenet jøkulhlaup, som er ein plutseleg flaum frå ein isbre. Dette kan oppstå når demninga for bredemte sjøar brest. Dette skjer frå tid til annan ved dei bredemte sjøane i kanten av Koppangsbreen, og er vanskeleg å varsla.[1]

Namna Gohppi og Koppangen[endre | endre wikiteksten]

Bygda har namnet sitt frå bukta ho ligg med, som heiter Gohppi på nordsamisk. Ordet er også eit substantiv som betyr 'bukt'. Thor Frette har i ein artikkel frå 1986 vist at både Koppangen og sundet Kjølmangen litt lenger ut i fjorden er danna på same vis, i dette tilfelle frå det opphavleg samiske namnet Čoalbmi, som betŧr "sund": Eit opphavleg samisk nam blir lånt inn i norsk, og får etter analogi frå fjordnamn lenger sør eit suffiks -angen, som dermed blir identifisert som fjord, trang vik eller til og med eit sund også for dei som ikkje forstår meininga med førsteleddet i namnet.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Forskning.no, «Sjeldent flomfenomen oversvømmer bygd», arkivert frå originalen 21. september 2013, henta 7. september 2020 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Frette, Thor 1986: Noen synspunkter på -anger (-angen). Årbok.

69°40′45″N 20°15′40″E / 69.67917°N 20.26111°E / 69.67917; 20.26111