Kopper på Fedje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kopper
stad
Kopper dekkjer den venstre halvdelen av biletet
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fedje
Postnummer 5947 FEDJE
Preposisjon Kopper
Gardnummer 168

Kopper er ein matrikkelgard på Fedje og i lag med Husa den eldste og største garden. I lange tider vart desse to omtalt som gardar i skattemanntala, medan dei andre bruka på øya vart omtalt som plassar.

Kopper ligg mellom Kyrkjevågen og Rognsvågen og namnet kan ha kome av ei høgd på staden som liknar på ein kopp.[1] Staden vart nemnd skriftlege kjelder første gong i 1522. Den første kjende eigaren av Kopper var Apostelkyrkja i Bergen. Kyrkja vart riven kort tid før reformasjonen i 1536 og alt jordegodset vart lagt under kongen, men framleis kalla Apostelgodset.

Utover på 1660-talet overtok Smidt-familien Apostegodset i Nordhordland, inkludert Kopper, og seinare vart Nils Smidt, fut i Nordhordland eineeigar. Seinare eigarar har vore Sissel Kaas, Nils Knag og Dankert Dankertsen.

Frådelte tomtar[endre | endre wikiteksten]

Austrheim og Fedje Sparebank vart stifta i 1911 og dei hadde kontordagar på Fedje frå 1924. I 1961 fekk dei skøyte på ei tomt på Kopper. Det vart reist bygg her i 1969 med kontorlokale til banken og trygdekontoret i første etasje. Seinare vart banken ein del av Sparebanken Vest (frå 1996 Sparebank1 Vest).

AS Fedje Senter sette opp eit forretningsbygg på ei anna tomt i 1985. Bygget vart leigt ut til Fedje Handel AS og det vart starta handel her. Samstundes vart butikkane på Kopper («Filialen») og Kremmarholmen («Holmen») lagde ned. Frå 1986 har dette vore den einaste daglegvareforretninga på Fedje.

Fedje indremisjon bygde bedehus her i 1905, som seinare er vorte utvida fleire gonger.

Skipshaugen[endre | endre wikiteksten]

Fedje kommune fekk skøyte på denne tomta i 1971. I 1972 kom det opp industribygg her og dette vart utvida i 1975. Den første leigetakarane var Kleppe Stålprodukter AS. I 1980 tok Fedje Mekaniske Verksted AS over anlegget og dreiv verkstaden vidare. Sjølve bygget vart utskild i eit eige selskap og skøytt til Fedje Eiendomsselskap AS i 1988. I 1991 vart Skipshaugen Industrier AS stifta av kommunen, og dei fekk skøyte her same året. I 1996 tok Fedje Mekaniske Industrier AS over staden med om lag 20 tilsette. Dei produserer stålkonstruksjonar som landgangar og liknande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune. 

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oluf Rygh (1910). Norske Gaardnavne 11. s. 426.