Koróni
Utsjånad
| Koróni Lokalt namn Κορώνη | |
|---|---|
Frå hamna i Koróni | |
| Geografi | |
| Stad | Peloponnes |
| Koordinatar | 36°47′N 21°57′E / 36.783°N 21.950°E |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining Kommune | Peloponnes Messinía Pýlos-Néstoras |
| Hovudsete | Koróni (1 187 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 3 600 (2021[1]) |
Koróni (gresk Κορώνη) er ein by og tidlegare kommune på Peloponnes i Hellas. Sidan 2011 har han vore ei kommunaleining i kommunen Pýlos-Néstoras i periferieininga Messinía i periferien Peloponnes.[2]
I tida under Republikken Venezia og Det osmanske riket vart byen kalla Corone. Byen ligg sørvest på Peloponnes ved Messiníabukta i det sørlege Hellas, om lag 45 minuttar sørvest for Kalamáta. Byen ligg på ein ås nedanfor ei imponerande venetiansk festning og nedover til bukta.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Koróni 3 600 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 1 187 innbyggjarar.[1]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Koroni» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2011.