Korallsoppar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Korallsoppar


Ramaria gracilis
Ramaria gracilis

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Fungi
Klasse: Basidiomycetes
Underklasse: Agaricomycetidae
Orden: Phallales
Familie: Ramariaceae
Slekt: Ramaria
Vitskapleg namn
Ramaria

Korallsoppar eller fingersoppar er ei slekt soppar som minner om korallar eller fingerklasar. Dei kan verte like store som kålhovud og kan vege fleire kilogram. Korallsoppane høyrer til fingersoppfamilien.

Korallsoppane kan variere i farge frå lys gul, raud eller oransje, til lilla, kvit og beige. Nokre artar kan skifte farge ved støyt. Sporane til korallsoppane er gulbrune til rustbrune. Fargen på sporane kan variere mykje.

Fleire artar, t.d. gul fingersopp, er gode matsoppar, men han er lite brukt. Årsaka er gjerne at etande korallsopp er lett å forveksle med nærskylde giftige artar, som kan vere årsak til gastroenteritt (akutt betennelse i mage/tarm). Giftkorallsopp er eit døme på ein giftig korallsopp som gir gastrointestinale symptom. Han inneheld irritasjonsstoff som påverkar mage/tarm. Toksina som er årsak til gastroenteritten er ikkje identifisert, men det er truleg at det dreiar seg om ein irriterande effekt på slimhinnene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Wikipedia på bokmål.
  • Svensk wikipedia.