Koranskole i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koranskole i Noreg er ulike institusjonar i Noreg som driv opplæring i islam, typisk utanatlæring av surar (kapittel) frå Koranen. Koranskular er ofte knytte til ein moske. Ein imam eller ein eigen koranskolelærar kan ha ansvar for opplæringa.[1]

For muslimar i Noreg kan bruk av koranskole brukast for å gje barna deira kunnskap om islam eller gje dei høve til å «utvikle ein identitet som norske muslimar.»[2]

Konfliktar[endre | endre wikiteksten]

Gjennom ei kartlegging i 2016 for avisa Utrop fann forskaren Masoud Ebrahimnejad at koranskolar dreiv undervising utan noko statleg oversyn.[3] Same året åtvara leiinga ved ein ungdomsskole i Drammen mot overdriven bruk av koranskole, der nokre elevar var ved skolen fleire gonger i veka og overnatta på internat.[4]

Det finst døme på skuldingar om valdsbruk på koranskolar. I 2009 blei til dømes ein imam i Drammen sikta for vald mot barn i samband med undervisinga.[5]

Familiemedlemmer til Syria-fararar har opplevd at dei blei radikaliserte på koranskole.[6]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kari Vogt. (18. januar 2018). Koranskole. I Store norske leksikon. Henta 4. juni 2019
  2. Astrid Sverresdotter Dypvik (29. juli 2011). «Den nye middelklassen». forskning.no. 
  3. «Kartlegging av moskeer i Norge: – Driver koranskoler uten tilsyn», www.vg.no (på norsk), henta 4. juni 2019 
  4. «Bekymret over elever som isoleres på koranskole», www.vl.no (på norsk), henta 4. juni 2019 
  5. Tvedten, Sun Heidi Sæbø Hilde marie (9. juni 2009), «Imam siktet for vold mot barn på koranskole i Drammen», Dagbladet.no (på norsk), henta 4. juni 2019 
  6. «TV2-reporter gjorde inntrykk på studentene», Nord universitet (på norsk bokmål), henta 4. juni 2019 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.