Den koreanske halvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Koreahalvøya)
Hopp til navigering Hopp til søk
Den koreanske halvøya
hangul 한반도, hanja 韓半島, Han Bando
(brukt i Sør-Korea og Japan),
hangul 조선반도, hanja 朝鮮半島, Chosŏn Pando
(brukt i Nord-Korea, Japan og Kina)
halvøy
Korea satelliet.jpg
Satellittfoto av Koreahalvøya.
Land Flag of North Korea.svg Nord-Korea, Flag of South Korea.svg Sør-Korea
Locator map of Korea.svg
Wikimedia Commons: Korean Peninsula

Den koreanske halvøya eller Koreahalvøya er ei halvøy i Aust-Asia. Ho omfattar den gamle regionen Korea, i dag delt i statane Nord- og Sør-Korea.

Topografisk kart over Korea.
Den politiske delinga av Korea.

Halvøya strekkjer seg vel 1100 km frå det kontinentale Asia og sørover inn i Stillehavet. Ho er omkransa av Japanhavet i aust, Gulehavet i vest og Koreasundet i sør. Halvøya har ei grense på 1 416 km mot Kina og 19 km mot Russland på fastlandet i nord, og har ei maritim grense mot Japan i søraust. Mot Kina fungerer Yalu som grenseelv og renn ut i Koreabukta. I nordaust er grenseelva Tumen. Innanfor desse grensene utgjer halvøya eit areal på 220 874 km².

Den sørlege og vestlege delen av halvøya er flatt jordbruksland, medan landet i aust og nord er fjellrikt. Det høygaste fjellet er Paektufjellet (2744 moh.), som også er ein del av grensa til Kina. Fjellområde utgjer over 70 prosent av landarealet.

Politisk var halvøya lenge heim for den koreanske nasjonen, men sidan 1945 og Koreakrigen har ho vore delt i Nord-Korea og Sør-Korea. Denne delinga var meint å vera midlertidig, men har blitt permanent som følgje av våpenkvileavtalen som enda krigshandlingane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]