Korela festning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Korela festning

Korela festning (russisk Корела, finsk Käkisalmen linna, svensk Kexholms fästning) er ein festning som ligg ved byen Priozersk og vart grunnlagt av karelarar som kalla staden Käkisalmi.

Staden er første gong nemnt i ein novogrodisk kjelde frå 1143 og kalla «Korela». Arkeologiske undersøkingar har òg avdekt bygningslag frå denne tida. Svenske kjelder frå 1294 nemner òg staden med namnet «Keksholm».

I 1295 fall kommandanten til festninga Sigge Lake etter ei utmattande kringsetjing av festninga frå Novgorod.

Nöteborgstraktaten av 1323 slo fast at festninga tilhøyrde Novgorod. Fram til 1500-talet høyrde festninga til Republikken Novgorod, deretter Storfyrstedømmet Moskva. Novgoroderne bygde dagens steinbastionar og tårn i 1364 etter at ein brann hadde øydelagt den tidlegare trefestningen.

Etter den svenske erobringa under Livlandskrigen i 1580 bygde svenskane om festninga etter dåtidas vestlege ideal. Ved freden i Teusina gjekk svenskane med på å tilbakeføra festninga til russarane, og dette fann stad i 1597.

I Den store urotida lovde tsar Vasilij IV Korelia og det omkringliggande områdde som seinare vart Kexholms län som betaling til Jacob De la Gardie for den svenske støtta under Den polsk-russiske krigen (1605–1618). Den etterfølgjande ingermanlandske krigen forsterka det svenske nærværet, og festninga var på svenske hender i 100 år, fram til han vart gjenerobra av Peter den store under den store nordiske krigen.

På midten av 1700-talet vart festninga omdanna til eit fengsel for politiske fangar i det russiske keisarriket. Nokre av arrestantane frå dekabristopprøret i 1825 sat fengsla her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Korela festning