Koret The Shout

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orlando Gough etter avslutningsseremonien av Stavanger 2008

The Shout er eit kor, danna i 1998 av komponistane Orlando Gough og Richard Chew. Komponistane lagar musikken i lag med medlemmar frå koret, og kvar stemme blir spesielt tilpassa talentane songaren har. Koret opptrer alltid utan notar, og utan dirigent.

Songarane har svært ulike bakgrunn, mellom anna frå gospel, jazz, klassisk musikk og blues. Dei er Rebecca Askew, Jeremy Avis, Jeremy Birchall, Matthew Frankland-Coombes, Angela Elliott, Martin George, Jonathan Williams, Carol Grimes, Adey Grummet, Kayte Harding, Michael Henry, Hazel Holder, Melanie Pappenheim, Louise Sofield, Jonathan Glew og Manickam Yogeswaran.

I 2008 deltok koret på avslutninga av kulturhovudstaden Stavanger. Verket, som hadde tittelen We Turned on the Light, blei skrive av Orlando Gough og Jeremy Avis.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Heimesida til koret