Korgfjelltunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Innkøyringa på sørsida

Korgfjelltunnelen er ein 8533 meter lang vegtunnel mellom Knutlia i Vefsn kommune og Korgen i Hemnes kommune, begge i Nordland fylke i Noreg.

Arbeidet med tunnelen starta i 2001, og tunnelen vart opna den 16. september 2005 av samferdselsminister Torild Skogsholm. Tunnelen, inkludert ny veg på begge sider, kosta 450 millionar kroner med Statens vegvesen som byggherre. Nyvegen avløyser den kronglete og smale fjellovergangen over Korgfjellet og kortar vegstrekninga langs E6 ned med 4 km. Tunnelen er den fjerde lengste vegtunnelen i Noreg, og den lengste på E6.

Korgfjellvegen[endre | endre wikiteksten]

Vegen over Korgfjellet, eller Vesterfjellet som fjellet vert kalla i Korgen, vart opna i 1946, og avløyste ei ferjestrekning frå Elsfjord til Hemnesberget. I arbeidsstyrken som bygde vegen over fjellet under den andre verdskrigen deltok mange serbiske krigsfangar. Fangane budde i brakkeleirar i ved Osen i Knutlia og i Korgen. Dødstala var høge, over 600 krigsfangar døydde under arbeidet. Eidsivating lagmannsrett slo i 1947 fast at leirane var å rekne for utryddingsleirar.

Fjellovergangen vart etterkvart ein flaskehals, spesielt vart det et problem at vogntog køyrde seg fast og sperra vegtrafikken. Vintersesongen 2003/2004 var fjellovergangen stengd 37 gonger på grunn av berging av vogntog. Arbeidet med tunnelen starta i oktober 2001. Entreprenørar var Leonhard Nilsen & Sønner AS og Mesta AS.

Slik ser Korgfjellet ut på innsida
Innkøyring på nordsida
Den gamle vegen over Korgfjellet
Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.