Kormak Ogmundsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Kormak Ogmundsson (norrønt: Kormákr Ögmundarson) var ein islandsk skald som truleg levde i tida 935 – 970.

I Skaldatal[1] er Kormak Ogmundsson nemnd som skald hos kong Harald Gråfell og Sigurd Håkonsson ladejarl. Det meste vi elles veit om Kormak finn i islendingesoga «Kormaks saga»[2] der hovudinnhaldet er spunne omkring Kormak sin ulykkelege kjærleik til den vene Steingerd Torkelsdotter. Etter soga vart Kormak fødd på garden «Melr» i Midfjorden på Island omkring år 937. Faren skal ha vore Ogmund, son til Kormak som var ein rik og ættestor hovding frå Vika i Noreg. Mor hans heitte Dalla og var dotter til Onund Sjone frå Island.

Han kom til Noreg, truleg omkring, eller litt før år 960, då Håkon Adalsteinsfostre (Håkon den gode) var konge. Seinare herja han ute i viking og då han kom attende til Noreg, vart han mannen til kong Harald Gråfell. Han var med kongen på ei krigsferd til Irland og seinare på ei ferd til «Bjarmeland». Soga sluttar med at Kormak døydde etter ein sverdstrid i Skottland, på ein stad som vart kalla Skarðaborg, truleg Scarborough.

Sjølv om det ikkje er nemnt i soga om han, må Kormak truleg ha vore ei tid hos Sigurd Håkonsson ladejarl. At Kormak var ein historisk person, blir støtta av at Snorre har teke med mange av dikta hans i Skaldskaparmål[3].

Kormak Ogmundsson skal ha gjort ei dråpa om Harald Gråfell, som er gått tapt. Vi kjenner til desse dikta av han:

Sigurddråpa[4] dråpa om ladejarlen Sigurd Håkonsson
Lausaviser[5] (64 vers, alle henta frå Kormaks saga)
Lausavise[6] (2 strofer)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skaldatal heimskringla.no, frå Snorre-Edda
  2. Kormaks saga v/Eigil Lehmann (1984) norsk og norrøn tekst
  3. Skaldskaparmål Snorre Edda
  4. Sigurddråpa frå Skaldic Project
  5. Lausaviser (64 vers) frå Skaldic Project
  6. Lausavise (2 strofer) frå Skaldic Project

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]