Kornstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kornstad
stad
Kornstad kirke 01sept2008.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Averøy
Postnummer 6530 AVERØY

Kornstad er ein kyrkjestad i Averøy kommune i Møre og Romsdal fylke. Staden ligg på vestkysten av Averøya, ved Kornstadfjorden.

Kornstad var ein eigen kommune frå 1897 til 1964. Kommunen blei oppretta 1. januar 1897 då Kvernes kommune blei delt i fire. Kornstad kommune hadde ved etableringa 1.599 innbyggjarar.

1. januar 1964 blei det meste av Kornstad med 1356 innbyggjarar slått saman med Kvernes og det meste av Bremsnes til den nye Averøy kommune.

Vevang krins i Kornstad med 562 innbyggjarar blei på same tid overført til Eide kommune.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Kornstad kommune frå 1897 til 1964:

1.1.1897[1] 1910[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1964[1]
1599 1725 1760 1839 1821 1834 1899 1918

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Kornstad 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå