Koronarsinus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hjartet sett bakfrå, koronarsinus i blått

Koronarsinus (latin sinus coronarius) er ei vene som tek imot blod frå hjartemuskelen, myokard. Ho finst i hjartet til menneske og ein del andre dyr. Nøyaktig korleis anatomien er, er ulikt mellom artane.

Koronarsinus ligg i gropa mellom venstre framkammer og hjartekammer på baksida av hjartet (posteriort). Ho kjem inn i høgre framkammer rett over trikuspidalklaffen.

Noko av den venøse returen frå hjartemuskelen går utanom koronarsinus rett inn i høgre atrium, enkelte små vener går også rett inn i eit av hjartekammera.

Ein normalvariant av anatomien hos menneske er at koronarsinus tek imot blod frå ei persisterande øvre venstre holvene, dette er ei blodåre som normalt forsvinn i fosterlivet. Koronarsinus er då forstørra. Dette er ikkje farleg, men om ein finn dette ved t.d. ekkokardiografi kan ein måtte gjere ytterlegare undersøkingar for å utelukka hjartefeil.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]