Korpikån

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Korpikån
elv
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Tilløp
 - venstre Moån
Nedslagsfelt 400 km²
Lengd 40 km
Munning Sangis älv

Korpikån
65°55′0″ N 23°27′0″ E

Korpikån er ei elv i Kalix kommun i Norrbotten, og den viktigaste sideelva til Sangis älv. Elva er ca. 40 km lang, og har eit nedslagsfelt på ca. 400 km². Korpikån renn ca. 15 km aust for Morjärv, i nærleiken av grensa mot Överkalix kommun. Ho vert kryssa av landevegen mellom Morjärv og Lappträsk ved Klinten, og renn ganske parallelt med vegen mot Björkfors. Ved Korpikå dannar elva små sjøar, og 13 km lengre ned tar Korpikån med seg den største sideelva Moån, og ytterlegare ei knapp mil lengre ned munnar Korpikån ut i Sangis älv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]