Korsfjorden i Hordaland

Koordinatar: 60°9′48.154″N 5°8′14.935″E / 60.16337611°N 5.13748194°E / 60.16337611; 5.13748194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°9′48.154″N 5°8′14.935″E / 60.16337611°N 5.13748194°E / 60.16337611; 5.13748194 Korsfjorden er ein fjord i kommunane Sund, Austevoll, Bjørnafjorden og Bergen. Han ligg mellom Austevoll i sør og Sotra i nord og deler seg i fire lenger aust. I nord går Raunefjorden nordover til Byfjorden, i sør går ein arm ned til Bjørnafjorden, rett aust går Lysefjorden vidare austover, og i nordaust går Fanafjorden nordaustover. Fjorden har ei lengd frå aust til vest på 16 km, men til botn av Fanafjorden er det 24 km.

Fjorden har innløp mellom Marstein fyr i sør og holmen Tekslo i nord. På sørsida ligg øyane Stora Kalsøy, Hundvåko og Store Skorpa og Varden. Aust for Varden ligg det nordlege innløpet til Bjørnafjorden. På nordsida ligg Toftøya og øya Sotra. Mellom Toftøya og Sotra går Austefjorden 8 km nordover. Aust for Sotra held Raunefjorden fram nordover. Krokenes vest for Krokeide skil Lysefjorden i sør frå Fanafjorden på nordsida.