Kortbølgje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kortbølgeraidosendarantenner mellom Ettringen og Lamerdingen i Tyskland.

Kortbølgje er eit radiofrekvensområde som strekkjer seg frå 3 til 30 MHz, tilsvarande bølgjelengder mellom 10 m og 100 m[1]. Kortbølgjesignal kan, avhengig av dei atmosfæriske tilhøva, verta reflekterte i ionosfæra. På grunn av dette vert kortbylgja gjerne nytta til global kringkasting og kommunikasjon.

Radiobølgjer med lang bølgjelengd fylgjer terrenget og jordkrumminga betre enn signal med stuttare bølgjelender. Refleksjonane i ionosfæra vert påverka av sola, slik at refleksjonen varierer over døgeret, og dei varierer med partikkelstrålinga frå sola. Rekkevidda av kortbølgjesignala er difor vanskelig å føreseia, og dei ymse frekvensbanda i kortbølgja har ulik rekkevidd.

[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Stokke, Knut N. (1994) Fra sender til mottaker: innføring i radiotransmisjon, s. 3,37 – Vett & Viten, Stabekk. ISBN 8241201796.